Hopp til innhold

– Industriavfall i elver kan på sikt utrydde dyreartar

Mjåtveit næringspark i Meland kommune er pålagt å ha eit reinseanlegg for at dette ikkje skal skje, men anlegget fungerer ikkje som det skal.

rensepark

FUNGERER IKKJE: Fangdammen til høgre i biletet fungerer ikkje som den skal. Frå venstre Frode Tufte, Lene Haug, Kjetil Tufte og prosjektleiar i Mjåtveit Næringspark, Arne Kristiansen

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– Vatnet går rett gjennom dammen her. Du ser gråfargen og alt støvet. Dette går rett gjennom og ned i neste fangdam.

Rensepark

DUKEN LIGG FEIL: Dette er ein av grunnane til at den akvatiske reinseparken/reinseanlegget ikkje fungerer som den skal, seier Frode Tufte i Mjåtveitelvens forening

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Reinseanlegget rundt Mjåtveit næringspark skal stoppe dynamittrestar, slam og jord, slik at det ikkje renn ut i Mjåtveitelva. Men anlegget verkar ikkje som dei skal fortel to av dei som kjempar for å ta vare på elva, Kjetil og Frode Tufte i Mjåtveitelvens forening.

– Denne fangdammen skal samle opp avfallet frå industriområdet. Den har fungert, men i haust kom det veldig mykje regn og då blei den øydelagd. Det er gjort forsøk på å reparere den, men no syner det seg at den ikkje verkar.

– Når ikkje fangdammane fungerer slik dei skal, så er ikkje det godt nok, seier Frode Tufte.

– Møkkete vatn kan utrydde dyra i elva

– Viss ein reinsedam ikkje fungerer over lengre tid, så vil elva verte sterkt misfarga. Då kan det bli vanskeleg å formeire seg for dyra som lev der. På sikt kan dyreartar i elva døy ut, seier biolog Steinar Kålås i Rådgivande Biologer.

Han seier lys er viktig for dyra som lev i elva og at dersom reinseanlegget ikkje fungerer over lengre tid kan elva bli så møkkete at artar dør ut.

LES OGSÅ: Elvemuslingen er ikkje død - Hordaland

– Eit vedlikehaldsproblem

Rensepark

MISFARGA VATN: Dynamittrestar og anna industriavfall frå næringsparken renn ned i dammane som skal reinse vatnet før det renn vidare.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

– No ser det ikkje bra ut her. Men dette er eit vedlikehaldsproblem som me sjølvsagt skal gjere noko med. Dette kan løysast med konkrete tiltak, seier leiar i Mjåtveit næringspark, Lene Haug.

– Fangdammen har fungert, men no har den blitt øydelagd på grunn av det ekstreme vêret me har hatt.

– Reinseanlegget har ikkje fungert som det skal på eit halvt år. Er det godt nok?

– Nei, slik som det er i dag er det ikkje godt nok. Men me meiner at anlegget har fungert i periodar.

– Har næringsparken svikta på miljøtiltak?

– Me føler ikkje det. Me føler me gjer så godt me kan til ei kvar tid. Sjølv kor gode tiltak ein har, så kan det dessverre skje at noko ryk. Ein må vedlikehalde ting. Men det me må gjere er sjølvsagt å vere medvitne om ansvaret og reparere anlegget.

Ikkje godt nok før fangdammane fungerer som dei skal

– Den dagen reinseparken byrjar fungere som den skal, håpar me det skal bli redninga for Mjåtveitelva, seier Frode Tufte.

Han seier næringsparken sjølvsagt skal ha lov å grave og byggje. Men at tiltaka som skal reinse industriavfallet må fungere.

– Liegruppen har gjort ein kjempejobb og investert mykje pengar. Men me er framleis ikkje fornøgde, seier Tufte i Mjåtveitelvens forening.

Sidan NRK var i kontakt med Mjåtveit næringspark har dei sett i gang utbetringar. Dei håpar anlegget no kjem til å fungere som det skal.