Hopp til innhold

Bybanen køyrde ikkje for fort

Bybanen skal ha halde ein lågare fart enn det som er lovleg då ei kvinne omkom etter å ha blitt påkøyrd av banen torsdag i førre veke. Politiet seier dei er ferdig med etterforskinga i neste veke.

Bybane-ulykke

HELDT FARTSGRENSA: Politiet bekreftar at Bybanen hadde ei lågare fart enn det som er tillatt då ei kvinne vart treft for snart to veker sidan.

Foto: Adalheidur Oldeide/NRK

– Vi er ferdige med alle avhøyra no. Takka vere bilete frå overvåkingskamera på banen og perrongen var det ikkje naudsynt å gjere mange avhøyr, seier Morten Ørn frå Hordaland politidistrikt.

Det var ei kvinne som omkom då ho vart påkøyrd av Bybanen i Bergen for snart ei veker sidan. Banen var på veg frå Lagunen mot sentrum då den trefte den 47 år gamle kvinna i Mårdalen.

Vognførar avhøyrt

Etter hendinga er det avhøyrt ein god del vitne ifølgje Ørn. Men god dokumentasjon frå overvåkningskamera gjer at politiet no er ferdige med alle vitneavhøyra.

– Vi er ferdige med avhøyr av både vitne på staden og vognføraren. Han er sjølvsagt særs prega av hendinga, seier Ørn.

Lågare fart enn det som er lovleg

Ifølgje Ørn hadde Bybanen ei lågare fart enn det som er lovleg på den strekninga den køyrde då kvinna vart treft.

– Vi kan bekrefte at farta på banen var lågare enn det som er tillate på strekninga, fortel Ørn.

Politiet vil framleis ikkje seie mykje om sjølve hendelseforløpet, men bekreftar at kvinna ville krysse sporet for å nå vogna som stod på perrongen på den andre sida av vegen då ho vart treft av banen.

– Vi skal ha ei oppsummering etter at Havarikommisjonen er ferdige med sitt arbeid. Vi kjem mest truleg til å levere innstilling til påtaleenheten i løpet av neste veke, seier Ørn.

bybanen

OMKOM: Kvinna (47) kryssa sporet og blei påkøyrt av bybanen som kom ut av tunnelen i retning sentrum

Foto: Åge Algerøy / NRK