Hopp til innhold

Anita måtte evakuere - samla saman bunader og bilete

Politiet evakuerte 20 bustadar då det byrja å brenne i ei nedlagd skulebygg i Sveio i dag tidleg. Brannen spreidde seg til terrenget rundt.

Anita Hovda ble vekket av brannvesenet lørdag morgen. Da hadde en nedlagt skole i Sveio allerede brent ned.

SJÅ VIDEO: Anita Hovda vart evakuert på grunn av brannen. VJ: Thomas Halleland.

– Brannen skal vera under kontroll, men me følgjer situasjonen i tilfelle det blussar opp, seier operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrknes, klokka 09.30.

Meldinga om brannen, som starta i den nedlagde Vandaskog skule, kom klokka 06.22 laurdag morgon. Brannvesenet vart varsla av ein båt som passerte ute i havet.

Brannvesenet i Sveio rykka ut, medan politiet var på plass på staden klokka 06.45. I tillegg vart ein tankbil frå brannvesenet i Haugesund sendt til Sveio.

Bjarne Hetlesæter, brannsjef i Sveio kommune.

Brannsjefen i Sveio, Bjarne Hetlesæter, seier dei i ein periode var bekymra.

– Eg vakna av brannbilen og blålys

Brannvesenet greidde ikkje sløkka brannen i skulen, og den brann heilt ned. Det byrja og å brenne i terrenget rundt, og politiet starta difor evakuering av bustadene for Lyngholmvegen. Om lag 20 hus blei tømt.

– Generelt i heile distriktet vårt er det tørt og det bles friskt. Det er ikkje gunstig, sa Byrknes til NRK litt før klokka 07.

Ein av dei bebuarane som vart varsla om brannen, Anita Hovda, har sjølv gått på barneskulen.

– Eg vakna av at brannbilen kom her med blålys. Eg skjøna ikkje kor det brann og sprang rundt i huset for å sjå etter. Vi pussar opp huset, seier Hovda, som var redd brannen kunne ha starta i deira eigen bustad.

Artikkelen held fram under galleriet

Spreidde seg i terrenget

Ein brannmann ringde på, og forklarte kva som hadde skjedd. Brannvesenet hadde lagt slangar rundt huset, og Hovda såg lyset frå flammane då ho gjekk ut. Synet skremde henne.

– Etter det vi har sett på nyheitene den siste tida, kan det fort ta av dersom det begynner å brenne, seier ho.

Omtrent da Hovda blei vekt, var skulen heilt nedbrunne.

– Den er det minste problemet vi har. Brannen har spreidd seg i terrenget og går nordvestover, fortalde brannsjef i kommunen, Bjarne Hetlesæter til NRK klokka 07.45.

I tillegg til at dei næraste husa i Lyngholmvegen blei tømt, blei bebuarar lenger ut på Lyngholmen varsla.


Ein nedlagd skule i Sveio har brent ned til grunnen. Brannen spreidde seg til terrenget rundt og politiet evakuerte 20 bustadar i nærleiken. Etter meir enn to timar fekk brannvesenet kontroll.

SJÅ VIDEO: Brannen i skulebygningen spreidde seg til terrenget rundt, og politiet byrja evakuering av bebuarar i nærleiken. Video: Jan Kåre Næss

Liten kuling

– Talet på evakuerte bustadar har kome opp i 20. Brannvesenet har sett opp vaktpost i tilfelle det skulle spreie seg vidare, seier Byrknes i politiet.

Dei som blei evakuert, fekk tilbod om tak over hovudet i kommunehuset. Politiet veit enno ikkje kva som er årsaka til brannen i skulebygget.

Klokka 08.30 fortalde brannsjefen i Sveio at dei hadde fått betre oversikt over brannen i terrenget. Brannen var då ikkje sløkt, men dei byrja å få kontroll.

– Det bles liten kuling. Likevel utviklar ting seg positivt, sa Hetlesæter.