Hopp til innhold

Dette skipet skal spare bylufta

Hordaland Maritime Miljøselskap (HMM) trur ein båt kan gjere den mykje omsnakka bergens-lufta reinare.

Kraftverkskip, EPS, Electric Power Supply

PRODUSERER STRAUM: Kraftverkskipet skal levere straum til besøkande skip i Bergens-hamna i staden for at dei produserer sjølv. På denne måten kan utslepp reduserast.

Foto: HMM

- Det er ganske ambisiøst, men vi er optimistar, seier dagleg leiar Kjell Sandaker.

Skipet er nemleg ikkje eit vanleg skip. Det er også eit miljøvenleg kraftverk (EPS - Electric Power Supply-skip). Tanken er at båten skal kunne forsyne skip som ligg til hamn i Bergen med miljøvenleg straum slik at besøkande skip kan stenge sine hjelpemotorar og få straum ombord.

- Forsyne dei største cruiseskipa

Kjell Sandaker HMM

AMBISIØST: Dagleg leiar i HMM, Kjell Sandaker, håpar prosjektet vil føre til reinare byluft i Bergen.

Foto: HMM

– Skipet skal produsere så mykje straum at vi kan forsyne dei aller største cruiseskipa. Vi tar sikte på opp mot 12000 kilowatt, seier Sandaker.

Skip ved kai i Bergen bidreg til 9-10 prosent av dei skadelege utsleppa som legg seg over Bergen i vintermånedane, skriv Teknisk Ukeblad. Om eit skip får straum frå kraftverk-skipet i staden for å produsere sjølv vil ein redusere utsleppa, mellom anna vil CO2-utsleppa gå ned minst 20 prosent.

– Skipet er ganske avansert. Det er eit hybridanlegg, som har motorar, damoturbinar og brenselsceller som brukar naturgass. Alle komponentane har i seg sjølv god verknadsgrad, og dei arbeider saman for å fungere best mogeleg, fortel Sandaker.

(Saka held fram under bilete)

Miljømaskineri

Kraftverkskip

FRAM I TID: Kraftverkskipet vil tidlegast ligge til kai i Bergen i 2016.

Foto: HMM

Bak Bømlo-selskapet HMM står rederiet Eidesvik. dei har arbeidd med utvikling av miljøvenleg maskineri sidan 2003. Også Grieg International, Sparebanken Vest og forsyningsselskapet CCB har også gått inn på eigarsida.

– Dette er ikkje berre nok som kan betre lufta, men også ei byrjing på ei ny teknologiutvikling her i Bergen. Det kan vere interessant for det lokale næringslivet, seier Sandaker.

HMM ser for seg at heile verda kan bli marknad for denne typen skipsmaskineri Mange byar slit med forureina luft.

– Før det blir realitet må vi få til prosjektet her heime. Vi kan ikkje selje noko ingen veit om. Å utvikle teknologi på denne måten er økonomisk risikosport, men heldigvis har vi fått politisk velvilje på grunn av gevinsten for bylufta og satsing på lokalt næringsliv, seier Sandaker.

Tidlegast 2016

Akkurat no arbeider firmaet med å få økonomien i prosjektet til å gå opp. HMM har totalt fått 1,7 millionar kroner i støtte frå Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Bergen og omalnd hamn. Skipet blir tidlegast å sjå i Bergens-hamna i 2016.

– Det er ei ambisiøs målsetting. Dette er ny teknologi og eit stort prosjekt, men vi er godt i gang og veldig positive, seier Kjell Sandaker.