Hopp til innhold

Kvinne død etter å ha blitt påkøyrd av Bybanen

Kvinne (47) vart fastklemt etter påkøyrsel på Bybanen. – Bybanen kom i stor fart ut av tunnelen, seier vitne til NRK.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Ulukke på Bybanen i Bergen.

Ulukke på Bybanen

DØDSULUKKE: Kvinna hamna under den eine bybanevogna.

Foto: Mikal Olsen Lerøen / NRK
Ulukke på Bybanen

RYKKA UT: Ulukka skjedde ved Mårdalen-stoppet i Fanaveien.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Ein person er påkøyrd av Bybanen i Bergen. Ulukka har skjedd ved Fanavegen ved Mårdalsstoppet, og politiet melde om ulukka like etter klokka 08.00.

– Det er no stadfesta at ei kvinne er død. Dette vart altså eit tragisk utfall på ulukka, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit til NRK.

Skyss sette inn ekstrabussar fordi bybanestrekninga Nesttun-Lagunen blei stengt etter ulukka. I 11.15-tida er spora rydda, og Bybanen går som normalt att, melder NRKs reporter på ulykkesstaden.

Låg fastklemt

Ulukka vart meldt klokka 08.00.

Vaktkommandør Torkjell Helle i Bergen brannvesen stadfestar til NRK at det er ei alvorleg ulukke. Kvinna har lege fastklemt under fronten på bybanevogna.

– Personen er no frigjort, og vi er ferdig med den jobben. Kvinna var fastklemt under vogna, seier Helle.

Det var omkring klokka 08.45 politiet stadfesta at det var ei dødsulukke.

Morten Ørn er innsatsleiar for politiet på staden.

– Det vi veit er at Bybanen kom inn mot stoppet i Mårdalen og trefte ei kvinne. Kvinna er død, seier Ørn til NRK på staden.

Vitne: – Kom springande over sporet

Eit vitne som sat i motgåande bybanevogn seier til NRK at ho såg kva som skjedde.

– Kvinna kom springande over bybanesporet og vart påkøyrd, fortel ho.

Vitnet fortel at Bybanen bråbremsa, men at sjåføren ikkje klarte å stanse.

– Det heile var veldig skummelt, fortel vitnet.

Håkon Müller Thomassen (15) var på veg bort til bybanestoppet då ulukka skjedde.

– Bybanen kom i stor fart ut av tunnelen mot haldeplassen. Eg høyrte bråbremsing og alarmlyd, og skjønte at det var ei ulukke, seier Thomassen i eit intervju med NRK.

Saka held fram under.

En kvinne omkom etter å ha blitt påkjørt av bybanen i Bergen

SJÅ VIDEO: Dødsulukke på Bybanen i Bergen.

Krisemøte - sjåfør får oppfølging

Sjåføren som styrte vogna er i sjokk etter hendinga.

– Han er køyrt til legevakta, og er i sjokk, seier innsatsleiar Ørn.

Politiet startar no etterforsking av hendinga, og Havarikommisjonen er involvert og vil gjere sine undersøkingar.

I føremiddag har Fjord1Partner, som har ansvaret for dei tilsette på Bybanen, sett ned ein krisestab som skal ta vare på førarane.

Ekstra bussar og krisemøte

Ulukka skapar også problem for trafikken på Bybanen. Vogna som skulle mot Lagunen snur på Nesttun og tek med passasjerar tilbake andre vegen mot sentrum.

Det vert sett opp ekstra bussar for å ta unna trafikken på delar av strekninga.

Skyss-direktør Oddmund Sylta seier til NRK at ulukka er forferdeleg tragisk. Les intervjuet her.

Kvinne påkjørt av Bybanen i Bergen

STOR UTRYKKING: Store redningsmannskap rykka ut etter ulukka i Fanaveien.

Foto: 03030-tipser