Hopp til innhold

Bellona: – Hadde hastverk for å spare pengar

Miljøvernorganisasjonen Bellona hevdar det vart tatt snarvegar for å spare pengar, då ein oljerigg fekk slagside natt til fredag. Operatørselskapet avviser påstandene.

Plattform fekk slagside

TOK INN VATN: Med 137 menneske ombord tok oljeriggen «Island Innovator» brått inn vatn natt til fredag.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Frederic Hauge

TØFFE PÅSTANDAR: - Odfjell hadde hastverk i arbeidet på riggen, hevdar Frederic Hauge i Bellona.

Foto: NRK

– Her har dei ansvarlege hatt hastverk. Dei har sett profitt framfor menneskeliv, hevdar Frederic Hauge, leiar i Bellona.

Han meiner årsaka til at ein borerigg fekk vasslekkasje og slagside på Askøy utanfor Bergen, var at selskapet hadde hastverk og tok snarvegar for å spare store penger.

– Det kostar rundt ein million dollar per dag å ha ein slik plattfor liggande. Dermed har ein tatt ein unødvendig stor risiko for å spare pengar, tordnar Bellona-leiaren.

100 personar evakuert

Den heilt nye og ubrukte oljeriggen «Island Innovator» er kjøpt i Kina, og har sidan februar lagt til kai på verftet til Bergen Group på Hanøytangen på Askøy. Klokka halv fem natt til fredag fekk politiet melding om at riggen hadde byrja å ta inn vatn og hadde 4 graders slagside.

Ingen blei alvorlig skadd, men 100 menneske blei evakuert, mens 37 personar blei attende ombord for å stoppe lekkasjen. Klokka seks var situasjonen under kontroll.

– Krenginga er i ferd med å avta. Vi fekk raskt kontroll over riggen, sa informasjonsdirektør Gisle Johanson i Odfjell Drilling til NRK.no fredag morgon.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Sjå intervju med Bellona-leiar Frederic Hauge og Gisle Johanson i Odfjell Drilling.

Bellona kritiserer arbeidet på riggen

Bellona: – Hastverk

Men det kunne gått gale. Hauge i Bellona har i dag fått opplysningar om at riggen hadde feil ved botnventilane då den kom til norge frå verftet i Kina. Derfor vart dykkarar send ned i natt for å plugga hola for å kunna gjennomføra krengetestar som planlagt dei neste dagane.

Krengetestane er ein del av sertifiseringa oljeriggen må gjennom for å bli godkjent til bruk på norsk sokkel.

– Ein har prøvd i natt å setje pluggar på inntaket frå utsida, for å få gjennomført krengetesten utan å vente på nye botnventilar, hevdar Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Evakuerte arbeidere

MÅTTE EVAKUERE: Arbeidarar på oljeriggen vart evakuert på land.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

Fagforeining reagerer

Påstandene frå Bellona vekkjer uro hos fagforeininga SAFE som organiserar mange arbeidarar på norsk sokkel.

– Viss granskinga viser at det Bellona påpeiker er korrekt, så er det veldig alvorleg, seier HMS-ansvarleg og 2. nestleiar i fagforeininga SAFE, Roy Erling Furre.

– Det høyrest ut som ein improvisasjon på eit veldig alvorleg forhold, og det går ikkje an å akseptere.

– Bellona tek feil

– Bellona tek heilt feil i sin kritikk, seier Gisle Johanson i Odfjell Drilling.

Han viser til at Odfjell Drilling er leigd inn for å sikre at oljeriggen møter standarden på norsk sokkel.

Gisle Johanson

AVISER KRITIKKEN: Gisle Johanson i Odfjell Drilling meiner kritikken frå Bellona ikkje har rot i verkelegheita.

Foto: Sindre Øye Helgheim / NRK

– Ein del av jobben vår var å skifte ut desse sjøvatn-ventilane. Vi har skifta ut 19 av 20 ventilar ved bruk av dykkarar og pluggar. Det arbeidet har pågått på dag- og nattestid den siste månaden, og i samband med utskifting av den siste ventilen, så har pluggane som vart sett inn for å halde vatnet ute, svikta.

Johanson understrekar at liggen låg til kai ved verkstaden på Askøy når uhellet skjedde.

– Dette er ikkje ein situasjon som vil kunne skje når riggen ligger ute i fjorden eller ute i havet og driv boreverksemd. Vi skiftar ut desse ventilane for å kunne ha gode nok ventilar til å bruke denne riggen på norsk sokkel i åra framover.

– Når de gjer feil på den siste pluggen, kan det ha samband med hastverk for å få sett i gang krengetestane?

– Det er ein påstand som ikkje har noko grunnlag i røynda. Det ville vere heilt uaktuelt å gjennomføre denne krengetesten før nye ventilar er installerte og funne ok, svarer informasjonsdirektøren.

(Artikkelen held fram under TV-saka.)

100 personar vart evakuert då oljeriggen «Island Innovator» tok inn vatn og fekk slagside på Hanøytangen på Askøy.

Dramatisk då platform tok inn vatn

Tredje uhell på under eitt år

Uhellet natt til fredag er på langt første der ei stor plattform har byrja å krenge.

– Vi er veldig uroa. Vi har no hatt tre plattforkrengingar på mindre enn eitt år, og vi har reist store spørsmål ved alle desse tre plattformene sin tekniske kvalitet, seier Hauge og får støtte frå Furre i fagforeininga SAFE.

Det er ikkje godt nok. Det går berre ikkje an.

Furre viser til både dei siste kreningane, og den tragiske Alexander Kielland-ulukka i 198o der platformen velta og 123 menneske omkom.

– Det er veldig skremmande når vi ser at vi ikkje har kontrol på stabliteten. Det er noko som berre må vere i orden. Det kan vere at kvaliteten ikkje er god nok på riggar som kjem inn til landet. Vi ser at det må gjerast forbetringar for å få dei godkjende.

Sjøfartsdirektoratet skal nå vurdere om hendinga på Askøy natt til fredag påverkar om riggen kan få dei nødvendige norske sertifikata.

– Denne hendinga vil vere eit moment i vår vurdering. No avventar vi rapport frå reiarlag og andre involverte. Deretter må vi gjere ei vurdering, før vi gir klarsignal, seier kommunik sjef Eilif Fjon i Sjøfartsdirektoratet.