Alf Prøysen og Vidar Lønn-Arnesen - Foto: Arkivfoto: / Scanpix
Foto: Arkivfoto: / Scanpix

Ukjent vers på Musevisa

Alf Prøysen hadde tenkt seg ein annan slutt på den kjente og populære Musevisa....

Det kjem fram i ei ny sangbok som Vidar Lønn-Arnesen gjev ut saman med Philip A. Kruse, "Da Capo - julesangbok".

I den originale versjonen blir mysene oppetne av ein katt. Dette syntest onkel Lauritz vart for trist.

Video nsps_upload_2008_12_3_8_36_15_2564.jpg - Foto: Nyhetsspiller /

Video: Sånn kunne musevisa vært

Forskrekka Lauritz

Det var onkel Lauritz som i 1948 bad Alf Prøysen om å laga ein ny julesong for barn. Prøysen kom til NRK med teksten sin, men Lauritz vart forskrekka da han las.

"Onkel Lauritz" - Onkel Lauritz sa stopp. - Foto: Scanpix / SCANPIX

Onkel Lauritz sa stopp.

Foto: Scanpix / SCANPIX

Han syntest det var for ille å ta livet av mysene i ein barnesang. Prøysen vart derfor bedt om å gjera om slutten, og resultatet var det vi i dag kjenner som Musevisa. Og som er ein av dei mest kjente og kjære julesongane den populære forfattaren skreiv.

Hamna i søppelkorga

Merkelege tilfeldigheiter gjorde at originalversjonen har dukka fram etter 60 år.

Prøysen kasta papirarket i søppelkorga. Deretter vart det plukka opp og tatt vare på av ei vaskehjelp.

For ti år sidan fekk NRK brev frå Thailand, frå den kvinna som i si tid hadde vaska kontor og som nå fann ut at ho ville sende dette gulna arket med handskrifta til Prøysen.

I samband med ein ryddesjau vart brevet og arket tatt vare på av Tove Lønn-Arnesen. Da Vidar Lønn-Arnesen og Philip Kruse var i innspurten på sangboka, kom ho på det ho hadde liggjande i ein skuff.

Siste verset

Det siste verset, slik Prøysen hadde tenkt seg det, er slik:

"De feiret julekvelden til det ble langt på natt, /men så ble alle spist av en sulten gammel katt./ Men ikke bli nå lei deg for alle disse små,/ de svevde opp til himlen med englevinger på.

Når julekvelden feires til neste år en gang,/ da synger alle sammen en himmelsk julesang.

Heisann og hoppsann og fallerallera,/ om julekvelden da skal alle sammen være glad./ Heisann og hoppsann og fallerallera,/ da skal alle sammen bare være være glad."

LYD: Hør Vidar Lønn-Arnesen synge verset