Hopp til innhold

Krev fartsskrivar for traktor

Fraktar du gods på veg med ein stor traktor som går over 40 kilometer i timen, skal du ha fartsskrivar. Få eller ingen har det i dag. No vil lastebileigarane at det blir rydda opp.

Traktor

Moderne landbrukstraktorar har utvikla seg enormt dei siste åra og har tatt over fleire arbeidsoppgåver der lastebilen tidlegare har vore suveren.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Reglane for godstransport med traktor er dårleg kommunisert og skrive på ein så komplisert måte at du må vera jurist for å forstå dei, seier Espen Syljuåsen.

Syljuåsen er journalist i bladet Traktor, og har på vegne av næringa freista å få klårheit i regelverket.

Men senioringeniør Bjarne Sandnes i Statens vegvesen meiner regelverket er klart.

– Det er same regelverk for alle som fraktar gods på veg. Fraktar du gods på veg og køyrer fortare enn 40 kilometer i timen, blir det kravd fartsskrivar enten du køyrer lastebil eller traktor.

Ein fartsskrivar skal sikre at reglane for køyre- og kviletid følgast.

Meiner reglane må vere like

Landbrukstraktoren har utvikla seg enormt dei siste åra, og i dag er det ikkje uvanleg at ein traktor kjem opp i hastigheiter på opp mot 70 kilometer i timen.

Bjarne Sandnes

Senioringeniør i Statens vegvesen meiner reglane er like for alle som fraktar gods på veg.

Foto: Tone Iversen

Om lag 40 prosent av alle traktorane som blir seld er registrert for hastigheiter på 50 kilometer i timen eller meir, og landbrukstraktoren har tatt over arbeidsoppgåver der lastebilen tidlegare var suveren.

No meiner lastebileigarane at det er på tide at reglane blir sett ut i live, også for traktor.

Montasje av traktorar

LANDBRUKSTRAKTOREN har utvikla seg enormt dei siste åra. Han har vorte større, sterkare og går fortare etter vegen.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Traktorar skal også ha fartsskrivar når dei driv med verksemd som konkurrerer med annan godstransport, og det må styresmaktene no syte for kjem på plass, seier Guttorm Tysnes i Lastebileigarforbundet.

– Når dette lovverket er innført, så er det ein grunn til det, seier Tysnes.

Bruker ikke traktorene til massetransport

Av det NRK erfarer, er det ingen traktor som har montert fartsskrivar i dag. Og det er berre eit par traktormerke som har opplegg for montering av slikt utstyr. Men det er inga unnskyldning, meiner vegvesenet.

– Enten må du bruke ein traktor der du kan montere fartsskrivar, eller så må du bruke lastebil, seier Bjarne Sandnes i Statens vegvesen

Ein maskinentreprenør som brukar traktorar, er Kjell-Arne Schjørn på Lillehammer. Han seier at traktorane er nyttige fordi dei kjem seg fram der du ikkje kjem til med lastebil. Men ikkje til anna bruk:

Kjell-Arne Schjørn

ENTREPRENØR Kjell-Arne Schjørn har både traktorar og lastebilar i maskinparken.

Foto: Even Lusæter

– Vi brukar ikkje traktorane til massetransport, det har vi lastebilar til, seier Schjørn.

Dei fem traktorane han har er i hovudsak nytta til brøyting og strøing om vinteren.

Det finst unntak

Er du bonde eller skogbrukar og nyttar traktoren til å frakte eige gods, er du fritatt frå denne lova, i alle fall om du held deg innan ein radius på 10 mil unna heimgarden.

Men tek du derimot med deg eit kornlass for naboen, må du etter lova ha fartsskrivar.

Det er også slik at om godstransporten blir utført med ein tilhengaren som ikkje er registrert for meir enn 30 kilometer i timen, kan ikkje vi krevje fartsskrivar, seier senioringeniør i Statens vegvesen, Bjarne Sandnes.