Etter at sjukehusa vart statlege har det vore ein sterk debatt om kven som skal få innsyn og kven som skal styre sjukehusa. Det har styret i Helse Øst no tatt eit klart grep om og varslar omfattande endringar ved sjukehusa i Oppland og Hedmark.
Færre fødeavdelingar
Styret i Helse Øst varslar ei sentralisering av fødeavdelingane i Oppland og Hedmark.
Det har vore sterk debatt om dette i sumar og haust, men styret i Helse Øst vil ha ein ny gjennomgong av fødselsomsorgen ved sjukehusa.
Dette innebèr at vi får færre fødeavdelinga. Styret er klare på at dei "forutsetter at antallet fødeinstitusjoner i Helse Øst reduseres, men at mangfoldet i tilbudet opprettholdes".
Innan 1. mai neste år skal administrasjonen leggje fram eit forslag til kvar det skal vere fødeavdelingar.
Den nye strukturen skal bli iverksett frå nyttår i 2004.
Færre AMK-sentralar
Det er ikkje berre fødeavdelingane som det skal bli færre av.
Dei akuttmedisinske kommunikasjonssentralane skal bli redusert frå åtte til tre.
Det blir oppretta ein felles sentral for Oppland og Hedmark, men kvar den skal liggje er førebels uklårt. Uansett vil den bli lagt til eit av sjukehusa i regionen.
Det blir ikkje tatt noen avgjerd i høve til luftambulansen på Dombås før ein slik AMK-sentral er på plass.
Når det gjeld psykiatrisk satsing skal ein kome med nye tiltak, mellom anna ei psykiatrisk utredningsavdeling for ungdom med psykiske lidingar og aggressiv åtferd samt eit kompetansesenter for dei som har kombinert psykiske lidingar og rusmisbruk.
Meir effektivisering
Sjukehusa vil få tøffare krav om meir effektivisering og ytterlegare oppgåvefordeling seg i mellom.
Den nye strukturen vil i følgje styret gje eit betre helsetilbod til innbyggjarane, fordi drifta skal bli meir effektiv og rasjonell.
Heretter skal det ikkje vere noko skille mellom psykiatrien og andre sjukehusoppgåver. Samstundes får sjukehusa i Oppland og Hedmark ein eigar.
Styret vil med dette gje eit tydeleg ansvar til leiarane og gjere det mogleg å skape sterke fagmiljøer ved sjukehusa.
Samstundes gjer leiinga i Helse Øst det klart at leiarane må ta klare grep i det høge tempo som no er sett på omorganiseringa. Dette vil mellom anna føre til færre stillingar i administrasjonen og leiinga ved sjukehusa.
Sjukehusa i Oppland og Hedmark blir samla til eit helseforetak, til Sykehuset Innlandet HF. I dette ligg Oppland sentralsykehus, Sentralsjukehuset i Hedmark, Sanderud sykehus med barne- og ungdomspsykiatrien i Hedmark, Tynset sjukehus og Kongsvinger sjukehus.