Hopp til innhold

Trur at evakuerte får reise heim i kveld

Omlag 60 personar er framleis evakuert på grunn av propanlekkasjen på Lillehammer. Eit firma er nå på veg for å tømme tanken som sprang lekk. Det er venta at dei er ferdige ca klokka 22.00, og at folk får flytte heim da.

Eit større område vart evakuert etter ei gasslekkasje i Lillehammer onsdag ettermiddag.

Eit større område i Lillehammer er evakuert.

Området rundt Fabrikken i Lillehammer vart evakuert onsdag ettermiddag.Det pågår mykje anleggsarbeid i området, og lekkasjen oppstod i samband med det.

– Eit bygg under riving har kollapsa og datt ned over ein gasstank. Det har vorte ein lekkasje på denne, seier avdelingsleiar Magne Marstein i Lillehammer brannvesen.

Klokka 20.30 starta eit firma med å tømme tanken, og sperringar og evakuering blir oppretthalde fram til tanken er tømt.

– Ifølgje ordførar Espen Johnsen er tanken truleg tom i løpet av kvelden, noko som gjer at dei evakuerte truleg får reise heim seint i kveld.

Gasslekkasje Lillehammer

Gasslekkasjen skjedde ved Fabrikken i Lillehammer.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

Minst 50 evakuert

Han fortel at det kunne vere fare for eksplosjon like etter at det gjekk hôl på tanken.

– Når vi kom hit så høyrde vi lekkasjen. Det gjer vi ikkje nå lenger. Tanken er muligens tett nå, men vi har evakuert alle i området rundt her, i tilfelle det kan lekke meir, seier Magne Marstein.

Dei evakuerte har vorte køyrde til Rica hotell i Lillehammer.

Tanken som er lekk inneheld 2400 liter propangass, det er ikkje klart kor mykje av dette som har lekka ut.

All trafikk stoppa

Fabrikken er ei bygning som mellom anna inneheld mange små kunstnarverksemder,

– Etter det eg veit er det slått hôl på gasstanken som går til glassblåsarane her. Heile bygget er evakuert, og vi står langt unna, fortalde dagleg leiar ved Fabrikken, Torhild Andersen, like etter at dei vart evakuert.

Heile bygningen er tømt for folk og all trafikk er stoppa, fortel Andersen.

6-7 ambulanser står i beredskap i området, men det er ikkje noko som tydar på at nokon er skadd.

Lillehammer kommune har oppretta ein kontakttelefon for folk som har spørsmål i samband med evakueringa. Det er nummer 610 50 500.

Gasslekkasje Lillehammer

Eit større område er evakuert i Lillehammer.

Foto: Geir Bernhard Randby / NRK

Flere saker fra Innlandet