Hopp til innhold

Fulle hus for Frikar

Meir enn 11.000 billettar er selt til Noregsturneen Frikar nå er ute på. - Besøket har overgått våre villaste fantasiar, seier Riksteatersjef Ellen Horn.

KRUK

I framsyninga KRUK er Frikar innom både folkemusikk, samtidsdans og populærkultur.

Foto: Sigmund Krøvel-Velle/Hallingdølen

Dansekompaniet Frikar la ut på turne for tre veker sidan, og skal vise framsyninga KRUK 41 gonger fram til 11. desember. Så langt har dei trekt fulle hus alle stadene dei har vore.

– Det er utruleg artig og alltid god stemning, seier frontfigur Hallgrim Hansegård.

Både unge og gamle

I framsyninga er mykje av musikken basert på norsk folkemusikk, men dei er også innom samtidsdans og populærkultur. Andreas Ljones, som har laga musikken, meiner at dei har vore flinke til å nå eit stort publikum.

– Vi har vore heldige med at vi trekkjer både ungdom og eldre folk, vi har eit stort nedslagsfelt.

KRUK

- Det skjer mykje spanande innanfor folkemusikken, seier teatersjef i Riksteateret, Ellen Horn.

Foto: Sigmund Krøvel-Velle/Hallingdølen

Og sjølv om Frikar for mange framleis er best kjent for dansen i Grand Prix-finalen i Russland for halvanna år sidan, meiner Hallgrim Hansegård at dei nå viser at dei kan meir enn å danse i ring rundt Alexander Rybak.

– Denne turneen er viktig for å skape eit varig forhold til publikum, og vi ser nå at det er mange grunnar til at folk kjem og ser Frikar.

Stor interesse for folkemusikk

Teatersjefen ved Riksteateret er overvelda over besøkstala ved framsyningane til Frikar.

– Besøket har overgått våre villaste fantasiar. Vanlegvis reknar vi 100 i gjennomsnitt som eit godt besøk på ei danseframsyning, Frikar har ligg på over 300 i gjennomsnitt, seier Ellen Horn.

Ho meiner at dette mellom anna skuldast at det er ei voksande interesse for folkemusikk.

– Det skjer mykje spanande rundt folkemusikken her i landet, og vi ser at tradisjonskulturen er ført over i ei ny tid.