Hopp til innhold

Etterforskar valdtektsforsøk

Natt til lørdag skal ei kvinne ha blitt forsøkt valdteke i Hamar sentrum. Valdtekta vart ikkje fullbyrda, og kvinna skal ha greidd å rive seg laus og fått hjelp av forbipasserande. Saka blir etterforska. Elles kan politiet melde om ei natt på det jamne med mindre ordensforstyrrelsar. Veret har truleg sett ein dempar på utelivet, seier Tom Kristiansen ved operasjonssentralen i Hedmark.