Hopp til innhold

Fransk marine på bli kjent-tur i nordområda

Når den franske fregatten legg frå kai i Hammerfest på tysdag, vert ein opplæringstur i krevjande farvatn avslutta for dei franske sjømenna.

Fransk fregatt i Hammerfest

FREGATT: Primauguet er namnet på det 140 meter lange skipet til den franske marinen.

Foto: Jan Harald Tomassen / NRK

– Eg spør aldri militære skip kva dei skal her.

Det seier hamnesjef i Hammerfest, Per-Åge Hansen, når NRK ringer.

– Kanskje hamnevakta veit meir om kva dei skal her, foreslår han.

Dieseltokt

Fregatten har vore i norsk farvatn sidan 22. juni, og la til kai i Hammerfest søndag morgon.

– Dei er her først og fremst for å bunkre diesel, fortel hamnevakta i Hammerfest, Ivar Tobiassen. Men heller ikkje han kan seie noko om kva bakanforliggande årsak som kan vere grunnen til det franske besøket.

Hamnevakta føreslår at NRK tar kontakt med skipsagenten til fregatten. Det er dei som hjelper til med alle praktiske gjeremål når det kjem til å legge til kai, eit mellomledd mellom skip og kai. Skipsagenten trur forsvaret er dei rette til å svare på kva fregatten gjer i norsk farvatn.

Lærer om krevjande farvatn

– Føremålet med turen er å bli kjent med nordområda.

Ivar Moen

GOD DIALOG: Dialogen mellom dei franske og dei norske myndigheitene har vore god, fortel oberstløytnant Ivar Moen, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Foto: Forsvaret

Det seier oberstløytnant Ivar Moen, pressetalsmann ved Forsvarets operative hovudkvarter. Han fortel at franskmenna har søkt om diplomatisk deklarering for å segle i norsk farvatn, og at dialogen mellom dei franske og dei norske myndigheitene har vore god.

– Nordområda byr på krevjande farvatn, og å ferdast her er ein del av utdanninga den franske marinen har for sine folk, forklarer Moen.