Hopp til innhold

Kva bryr du deg om der du bur?

NRK Buskerud vil gjerne ha di meining om saker som politikarane bør ta tak i der du bur. Bruk #nrkvalg i sosiale medier. Inga sak er for lita eller for krevjande.

Valg 2015 grafikk

Anten det gjeld store hol i vegen du køyrer på, for dårleg eldreomsorg for dine næraste eller ønsker om svømmebasseng i bygda kan du fortelje oss om det. Oppskrifta finn du nedanfor.

Valglogo

NRK sett i gang valkampen ved å gi alle veljarane i Noreg moglegheita til å sette sine lokale saker bokstaveleg tala på kartet. Med emneknaggane #nrkbuskerud #nrkval og #nrkvalg blir dine ytringar lagt inn i eit stort Noregskart, slik at politikarane og andre kan få med seg di meining om store og små saker.

Sjå bidraga som har kome inn så langt

Slik gjer du det:

1. INSTAGRAM: Ta bilde, skriv inn teksten din, namngje staden der bildet er teke eller der du ønskjer at bildet skal plasserast, publiser.

Valgkart Ringerike

Du kan sjå folket sine meiningar både som ei liste frå Instagram og Twitter og som bilete på eit stort Noregskart. Du kan skrive inn namnet på kommunen din for å søke presist. Her er eit utsnitt frå Drammen opp til Ringerike.

Foto: NRK

Dersom du alt har Instagram-appen, vil det vanlegvis fungere om du slår på «Legg til på bildekart» når du postar bildet.

For å vere sikker på at bildet legg seg på rett stad: Trykk «navngi staden».

2. TWITTER: Skriv inn teksten din, plassar teksten med «tagg posisjon» og publiser.

3. DIREKTE OPPLASTING: Dersom du ikkje er på Twitter eller Instagram, kan du laste opp di meining i skjemaet under. Plassar innlegget ditt geografisk, så vil det dukke opp i kartet så fort vi har lese igjennom og godkjend din post.

Laster innhold, vennligst vent..
Valg Buskerud