Hopp til innhold
Kronikk

Staten er ikkje best på distriktspolitikk

Å dra inn meir og meir pengar til ein stat med uendeleg appetitt, er ikkje å bygga ein god velferdsstat.

Arne Hjeltnes

I dei små vellukka samfunna langs kysten, der dei no dreg inn «rikingane» sin kapital til Finansdepartementet, er dei i ferd med å øydelegga den fine balansen mellom gode lokalpolitikarar og lokale småkapitalistar, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

Den usvikelege trua på at framtida for lokalsamfunna våre er å samla inn mest mogeleg til Finansdepartementet, for så å dela det ut som støtte eller ulike former for almisser, truar den norske lokalsamfunnsmodellen.

Du kan ikkje ha vore mykje på reise i Noreg, viss du trur at det er statleg detaljstyring som har skapt gode samfunn på Frøya, Lovund, Kvarøy, på Tysnes eller i Eikelandsosen.

Ein grådig stat kan ikkje bygga landet åleine. Sterke distrikt er ikkje bygd på statlege tilskot.

Historia viser at me vel så mykje har bygd landet takka vere dyktige folk i lokalpolitikken og ivrige verdiskaparar som både vil skapa arbeidsplassar og gode samfunn.

Eg er uroa over den sterke polariseringa.

Dette samspelet har fungert veldig bra. Til og med dei som ikkje er «rikingar» i desse samfunna går i tog for å forsvara sin plass mot ein stat som har ein aukande appetitt på å legga seg oppi alt mogeleg den ikkje har greie på.

Staten er sjeldan best på drift.

Det er ikkje berre formuar som dreg til Sveits som skapar mindre å bruka på felles gode.

Statleg overforbruk, som ideologisk rekommunalisering òg dårlegare drift av helsehus og omsorg, batterifabrikkar eller elektrifisering, er og pengar som forsvinn frå velferdskassa.

I dei små vellukka samfunna langs kysten, der dei no dreg inn «rikingane» sin kapital til Finansdepartementet, er dei i ferd med å øydelegga denne fine balansen mellom gode lokalpolitikarar og lokale småkapitalistar.

I Torsken på Senja driv Fredd Wilsgård havbruk. Han har 140 tilsette. 19 av dei er i reiseliv. Ikkje fordi han vil inn i reiselivsbransjen, men fordi han skjønar at folk må trivast for å få lyst til å arbeida og bu i Torsken.

Havbruket er kanskje den beste distriktspolitikken me har hatt.

Wilsgård driv restaurant, pub, treningssenter og har planar om eit lite hotell. Kommunen er med på laget og støttar opp om tiltaka.

Dette ansvaret fell no på finansministeren.

Vil dei senda pengar opp til fotballaget? Pussa opp den gamle butikken til «co-working space»? Renovera campingplassen? Overta butikken?

Havbruket er kanskje den beste distriktspolitikken me har hatt i område med få arbeidsplassar og lite investeringskapital.

Me treng statlege skattekroner for våre store felles oppgåver. Skattlegginga av alle verdiskaparar må vera lik og rettferdig, men dogmatiske politikarar har sjeldan vore dei beste til å skapa gode samfunn med detaljstyringa si.

Eg er uroa over den sterke polariseringa der verdiskaparar vert sette opp mot velferdsstaten. Det er historielaust og trugar framtida for levedyktige lokalsamfunn.

Til og med dei som ikkje er «rikingar» i desse samfunna går i tog.

I Noreg er me vane med gode forlik, ikkje bråe endringar av rammevilkår, enten det er mellombels arbeidsgivaravgifter, hasteforslag om grunnrente på havbruk eller skattar som lar utalandske eigarar sleppe unna.

Me har eit ansvarleg næringsliv, som me alle saman treng.

Langs heile landet vårt har me lukkast å skapa flotte lokalsamfunn, som det vil vera heilt umogeleg å fjernstyra frå med ideologiske skylappar Finansdepartementet.

Det er veldig dårleg distriktspolitikk.

Ein skulle tru at ei regjering med ein finansminister frå eit parti som er tufta på tanken om den frie bonden som sjølv skal styra garden sin, hadde skjøna det.

Skribenten har vore tilsett i Sjømatrådet og Mowi, men har i dag ingen verv eller posisjonar i sjømatnæringa eller i politikken.

Sjå Debatten: Laksemilliardærar møter statsministeren og finansministeren.

Krever at statsministeren lytter til dem som sier at skatten ødelegger næringen.