Hopp til innhold
Replikk

Skal fjellheimen berre vera for dei få?

Ingen naturattraksjon toler ein halv million besøkande i året utan at ein legg til rette. Brua ved Vøringsfossen er eit døme på at det kan bli vellukka.

Trappebrua over Vøringsfossen

Trappebrua over Vøringsfossen blei opna 20. august. Ein vellukka og nødvendig tilrettelegging. Det blir også tryggare for dei mange besøkande, skriv ordføraren i Eidfjord.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Stein P. Aasheims kronikk «Tivoli i fjellheimen» på NRK Ytring er ein skivebom når det gjeld Vøringsfossen. Det finst ikkje ein naturattraksjon i verda som toler ein halv million besøkande i året utan at ein legg til rette for det.

Gjennom tilrettelegging og ei god oppleving på til dømes Vøringsfossen, kan ein vekkje naturinteressa til mange som ikkje visste dei hadde denne interessa ein gong.

Dei har lukkast å leggja til rette for dei mange og likevel setje fossen i fokus.

Heilt frå den fyrste turisten kom og såg Vøringsfossen har ein forsøkt å leggja til rette for ei god oppleving. Ei tilrettelegging underordna den flotte naturen.

I byrjinga var det etablering av stiar, bruer og opplevingar for dei få og velståande. Etter kvart vaks det fram hotell og andre tilbod rundt Vøringsfossen. Spesielt betre vegar og meir fritid for dei mange har gjort at Vøringsfossen har vorte eit mål for stadig fleire.

Det er snart viktigare å visa på sosiale media kor du er, enn å ta innover seg at du er i storslått natur.

Under utbygging av Eidfjordanlegga på 1970-talet vart Bjoreio og Vøringsfossen temt. Heldigvis og nettopp på grunn av at fossen då alt hadde vorte turistattraksjon, vart det sikra ei minstevassføring gjennom sommaren.

Minstevassføringa er med å sikra ei flott fosseoppleving sommardagen.

Vøringsfossen er eit spektakulært syn, men det er snart viktigare å visa på sosiale media kor du er, enn å ta innover seg at du er i storslått natur.

Bruken og brukarane av naturen endrar seg, det er ikkje eit alternativ å ikkje gjera nokon ting på område som Vøringsfossen, Trolltunga, eller andre store naturattraksjonar.

Bruken av naturen endrar seg, det er ikkje eit alternativ å ikkje gjera nokon ting.

Ein har hatt eksempel på at nokon ikkje ser farane med å bevega seg i dei områda som ikkje har vore tilrettelagde.

Som oftast har dette likevel gått bra, men Måbødalen er aldri så lang som når ein får melding om at ein person har hamna i elva som fylgje av eit mislukka selfiemotiv.

Statens vegvesen har teke ansvar for å ta vare på og leggja til rette nokon ikonpunkt gjennom si satsing på Nasjonale turistvegar. Det er gjort grundige landskapsvurderingar og planprosessar i forkant av det arbeidet Nasjonale turistvegar har lagt ned rundt Vøringsfossen.

Det finst ikkje ein naturattraksjon i verda som toler ein halv million besøkande i året utan at ein legg til rette for det.

Gjennom materialval og terrengtilpassing har dei så langt lukkast å leggja til rette for dei mange og likevel setje fossen i fokus. Ved fullføring av prosjektet vil det vera nærare 1 km med rekkverk og fleire plattformer for å visa fram fossen i all si prakt.

Me gler oss over attraksjonen Vøringsfossen, over tilrettelegginga og ikkje minst over at det vert trygt å ferdast der. For alle.

-----------

Følg debatten - les Stein P. Aasheims kronikk: