Hopp til innhold
Kronikk

Rimeleg kørka dommedag

Som heilskap så er vi menneske rimeleg kørka. Det vil alltid vere dei blant oss som trur dommedag er no, at dette er endetida, at vi er den siste generasjonen, skriv folklorist Kristian Bjørkelo.

Day After Tomorrow

Verden held alltid på å gå under for nokon, skriv folklorist Kristian Bjørkelo. Her eit postapokalyptisk New York frå filmen «The Day After Tomorrow».

For tida er folk opptatt av ein Maya-kalender, ein spådom om verda si foreståande undergang.

Nøyaktig tidspunkt har vore kasta rundt ei stund, men no virker det som om dei fleste er einige om 21. desember. Den dagen tar kalenderen slutt. Dette er dommedag.

Klarte ikkje å spå sin eigen undergang

Det er jo sjølvsagt eit par problem med dette. Det mest openberre er jo sjølvsagt at kalendersystemet er syklisk. Det byrjar på nytt. Vi får jo ikkje panikk kvart nyttår, gjer vi? Nei, helst berre med tusenårsskiftet, men det kjem vi attende til.

Talar det verkeleg til Mayafolket sin fordel at dei ikkje klarte å spå sin eigen undergang?

Kristian Bjørkelo, folklorist

Det andre er jo at vi snakkar ein utrydda sivilisasjon her. Talar det verkeleg til Maya-folket sin fordel at dei ikkje klarte å spå sin eigen undergang? Eg trur kanskje dei hadde avslutta kalenderen sin då, dersom det var poenget.

FØLG DEBATTEN (mens det enno er tid): NRK Ytring på Facebook.

Tiltrekk seg andre førestillingar

Ideen om at denne kalenderen på eit eller anna vis skal spå endelikten vår har vore med oss ei god stund no, og har vakse i popularitet i alternative miljø med åra, jo nærare vi har kome sjølve datoen.

Forestillinga har mykje felles med det vi folkloristar kallar ein tradisjonsdominant – mayaspådommen tiltrekk seg andre førestillingar frå ulike miljø og kulturelle kontekstar, og gjev dei ei ny meining.

Trur du at det eksisterar ein Planet X eller Nibiru som truar med å treffe jordkloda, ja då er det akkurat det Mayafolket forutsåg. Frykter du at dei magnetiske polane skal skifte? Visstpokker, dette visste Mayafolket alt om.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Trur du at det eksisterar ein Planet X eller Nibiru som truar med å treffe jordkloda, ja då er det akkurat det Mayafolket forutsåg. Frykter du at dei magnetiske polane skal skifte? Visstpokker, dette visste Mayafolket alt om.

Trur du at nazistane hadde overlegen teknologi, inkludert flygande tallerkenar? Vel, dei visste om kataklysmen som skulle komme i 2012, så dei trakk seg, lot som dei tapte krigen og flykta til månen i påvente av katastrofa. Dei var jo allierte med utanomjordiske krefter, så dette er jo den einaste forklaringa på at dei allierte vant.

Og berre for å understreke det, det er folk som trur på det sistnemnte.

Det er simpelthen alltid ein dato som passar for endetida. Dommedag er her og no. Til ein kvar tid.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Andre trur det er snakk om eit åndeleg skifte, ein spirituell dommedag, der vi alle skal opne oss for englar, zetabølger eller utanomjordiske. Noko må det jo vere, kvifor skulle elles Maya-folket ha spådd det? Og jo eldre det er, jo fjernare det er frå vitskapen og vestleg filosofi, jo sannare må det vere.

Sammanhenger som ikkje finnes

Og når ingenting skjer 21. desember 2012. Vel, ja, då gløymer vi det kjapt, og går vidare til neste spådom. Til neste magiske tal. For tal er det alltid nok av. Og det er alltid dei som vil knytte ei spesiell meining til talkombinasjonar. Som Engleskolen til Märtha Louise nyleg kunne annonsere på Facebook:

Alle generasjonar speler hovudrolla i den store forteljinga. Det er berre naturleg når ein ser på alt som har gått før ein, at alt har endt opp her og no, for eit siste smell.

Kristian Bjørkelo, folklorist

I dag er en veldig spesiell dag. Det er 12/12-12 og det er 100 år til neste gang vi opplever en liknende dato. I dag er dagen som åpner opp for at den nye energien manifesterer seg her på jorden. Så i dag er spesielt viktig å lytte til din indre visdom og åpne opp for at det spirituelle deg kan klinge i verden. La det spirituelle passordet vise deg vei til din indre sannhet. Og lytt til hva det sier deg. Ta imot storheten i deg så det du manifesterer i livet for 2013 er i den nye frekvensen som nå intensifiseres på jorden. La englene velsigne alt du bevisst skaper i livet i dag. Så du går mot 2013 i denne energifrekvensen. Ha en strålende og hjertefyllt dag.

Uansett kor menneskeskapte desse talsystema er, og kor rasjonelle vi menneske likar å tru vi er, så vert vi stadig vekk lokka til å tru at det er noko ved dei. Eit fint framandord for dette er apofenia, tendensen til å sjå samanhengar og system der det ikkje eksisterer. Ein kan og seie at ein lever i eit hermeneutisk univers, der alt er eit teikn som skal kunne tolkast.

Dommedag er alltid her og no

Ein kan abonnere på ei teneste der syndige menneske vil ta vare på dyra dine etter at du har forlatt dei til fordel for din rettmessige plass i himmelriket.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Ein ting er å finne meining i naturlege fenomen, men langt meir interessant vert det når ein byrjar å tilleggje menneskeskapte produkt ein utanommenneskeleg bodskap. Mayakalenderens slutt er døme på korleis ein tolkar noko overnaturleg inn i eit menneskapt system.

Tusenårsskiftet skapte rom for ville spekulasjonar, ikkje berre om kataklysmiske datafeil, men om dommedag. Det var jo tusenårsskiftet trass alt. Nokre datoar for dommedag er meir vilkårlege enn andre, forstått berre i den interne logikken til avsendaren.

Predikanten Harold Camping klarte å overtyde sine tilhengjarar om at dommedagen skulle kome 21. mai 2011, medan ein i Jehovas Vitner har hatt ein stadig straum av tidfestingar av dommedagen som har skuffa tilhengjarane.

Det er ikkje rart at ein tar seg sjølv i å lure på om dette er dei siste dagar. Uansett kor irrasjonelt det er.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Desse datoane kjem anten frå ei utanomjordisk stemme (som Gud og utanomjordiske karakterar populære i alternativmiljøet), gjennom avanserte matematiske utrekningar eller simpelthen ankomsten av ein komet, som i tilfellet massesjølvmordet til Heaven’s Gate-sekta knyttet til Hale-Bopp-kometen i 1997.
Det er simpelthen alltid ein dato som passar for endetida. Dommedag er her og no. Til ein kvar tid.

Den siste generasjonen

Vår generasjon er kulminasjonen av tusenvis av år med utvikling, fleirfaldige år med registrert historie. Stadig tiltakande krigar og elende, teknologi og umoral. Det er klart at dette er den generasjonen alt har handla om.

Og slik har det jo alltid vore. Alle generasjonar speler hovudrolla i den store forteljinga. Det er berre naturleg når ein ser på alt som har gått før ein, at alt har endt opp her og no, for eit siste smell.

Fleire kristne sekter har stor tru på at vi lev i endetida, og at dei sjølve vil verte henta opp til himmelen, medan syndarane må leve i eit helvete på jord, styrt av Antikrist.

Det mest fantastiske er at vi aldri lærar av dette. Vi lar oss gripe og fascinere gong på gong av profetiar om den dramatiske avsluttinga.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Dei har fått bensin på bålet av den utruleg populære bokserien Left Behind, som òg har inspirert filmar og dataspel. Heldigvis for kjæledyreigarane blant dei, kan ein abonnere på ei teneste der syndige menneske vil ta vare på dyra deira etter dei har forlatt dei til fordel for sin rettmessige plass i himmelriket.

Og det er jo ikkje til å sjå vekk ifrå at kvar tid har nok av kriser og endetidsteikn, vår historie er jo ikkje anna enn ein serie med kriser. Anten det no er verdskrigar, kalde kriger, klimakriser, terror eller førestillingar om planetar på avvegar klar til å kræsje inn i vår klode. Med dette som kontekst er det ikkje rart at ein tar seg sjølv i å lure på om dette er dei siste dagar. Uansett kor irrasjonelt det er.

FØLG DEBATTEN (i tilfelle du aldri får sjansen igjen): @NRKYtring på Twitter.

Vi lærar aldri

Det mest fantastiske er at vi aldri lærar av dette. Vi lar oss gripe og fascinere gong på gong av profetiar om den dramatiske avsluttinga. Og vi tilgjev profetane når spådomane ikkje slår til, og sluker med glede deira neste. For vi hugser berre dei spådomane som stemmer.

Vi tilgjev profetane når spådomane ikkje slår til, og sluker med glede deira neste. For vi hugser berre dei spådomane som stemmer.

Kristian Bjørkelo, folklorist

Difor vil alltid dommedagsprofetar ha eit publikum. Difor er eg ganske sikker på at vi vil sjå 22. desember i år, og at vi i 2013 vil få nye spådomar om verdas ende. Og at nokre folk vil få panikk. Og så vil det gå over. Og at vi simpelthen aldri lærar. På dette punktet, så er vi samla sett, rimeleg kørka.