Hopp til innhold
Kronikk

Prioritering på sengekanten

Dess lengre vekk frå sjukesenga dei økonomiske avgjerdene blir tatt, dess betre.

Pasient i sykeseng

Prioriteringane i helsevesenet må fyrst og fremst skje eit hakk eller tre opp frå sjukesenga, skriv lege Ingebjørn Bleidvin i denne kronikken.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

I helsevesenet er «drosjelappen» eit kjent og kjært frustrasjonsmoment. Pasientar kan koma til poliklinikken med eit uvêr av symptom ein skal finna ut av; med grumsete røykhoste, kontinuerleg inkontinens og galopperande hjartesvikt, men likevel vera mest opptatt av å sikra seg at dei får dekka drosjerekninga til og frå konsultasjonen. Oftast er dette fullt forståeleg, slik me bur i dette grisgrendte landet. Men alt anna enn billegaste kollektivreise må bli velsigna av lege.

Så kan legen bestemma seg for om han vil bruka av den tilmålte tida til å diskutera kor slitsamt det eigentleg er å ta 50-bussen frå sjukehuset til Ytstebø. Oftast er det lettast å seie ja. Viss ikkje kan det lett bli ei sur stemning rundt heile konsultasjonen.

Prislapp på plagene

Saka er at pengar kjem i vegen for lege/pasient-relasjonen. Pengar sår splid, pengar gir krangel og misnøye. Alt snakk om pengar i helsevesenet blir, uansett kva ein prøver å sminka det om til, ein pris på dine plager, eit nøyaktig, hardt og brutalt mål på det ditt liv og dine dagar er verdt.

Drosjelappen er sjølvsagt eit heilt bagatellmessig døme på dette. Den er likevel illustrerande for kor vanskeleg det er å byrja å nærma seg økonomiske prioriteringar i pasient/lege-situasjonen.

LES OGSÅ: Ber Høie prioritere syke unge foran eldre.

Kunst og vitskap

Medisinfaget er både ein kunst og ein vitskap. Kunsten ligg i kirurgen sin bruk av kniven, psykiateren sine samtalar, radiologen sitt søkande blikk og ikkje minst i allmennlegen sine daglege vurderingar. Vitskapen ligg i maskinene, utstyret, farmasien og framfor alt: statistikken.

Saka er at pengar kjem i vegen for lege–pasient-relasjonen.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Litt enkelt sagt kan ein koka heile grunnlaget for moderne legevitskap ned til grundig statistikk; Er den nye behandlinga betre, like god, eller dårlegare enn den gamle? Det er nettopp i statistikken og vitskapsbiten av medisinfaget at prioriteringane fyrst og fremst må skje; eit hakk eller tre opp frå sjukesenga.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Lynavleiar for framtidige helseministrar

På store fagkonferansar blir det greia ut tilrådingar for behandling. Basert på desse jobbar helsebyråkratiet, helseføretaka og helsepolitikarane, som på kvar sitt vis syr saman ein plan om kva behandling me skal tilby i Norge for kvar enkelt problemstilling.

Forhåpentlegvis kan Prioriteringsutvalet sine forslag gjera praksisen meir føreseieleg og forståeleg. Eit velfundert prioriteringssystem er ein livsviktig lynavleiar for framtidige helseministrar og sjukehusleiarar. Enkelte medier har køyrt kampanjeprega enkeltsaker opp og fram, og på det viset pressa sveittande helseministrar til avgjerder både på tvers og på langs av faglege råd og ynskjer.

SJÅ: Debatten: Prisen på eit liv

Utvalsleiar Norheim seier at eit mål med gode prioriteringsløysingar er å binda dei ansvarlege til masta. Kven som får behandling skal ikkje styrast av protestopprop og vaktsjefen i TV2. Både legar og politikarar vil truleg oppleva dette som meir frigjerande enn avgrensa. Når media koplar generelle prioriteringar med enkeltskjebner kan det verta ganske hjarteskjerande.

Medisinske vs. økonomiske prioriteringar

Helseminister Bent Høie seier at «dei tøffaste prioriteringane skjer ute i helsetenesta, ansikt til ansikt med pasientane. » Det er lett å finna døme på dette. Skal ein amputera frå kneet for å vera sikre på å få vekk all kreften, eller prøva å operera vekk svulsten på foten og risikera tilbakefall?

Alt snakk om pengar i helsevesenet blir, uansett kva ein prøver å sminka det om til, ein pris på dine plager.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Slike saker er likevel medisinske prioriteringar. I søkkrike Norge kan legar stort sett la medisinfaget får bestemma, ikkje sjukehusøkonomien.

Likevel: Alt må ligga innanfor det som me som fellesskap i Norge reknar som god og forsvarleg praksis, altså økonomisk forsvarleg. Budsjetta til sjukehusa er lagde, satsingsområda til politikarane høgtideleg lista opp i partiprogramma. Dei økonomiske prioriteringane kjem altså i mange tilfelle eitt hakk før dei medisinske.

Konstatering og vurdering

Desse prioriteringane kan vera vel så tøffe som dei medisinske dersom ein tek inn over seg kva verknader dei får for enkeltmenneske. Nektar ein å innføra ny, eksperimentell kreftmedisin veit ein at pasientane som kunne hatt nytte av den vil leva kortare. Hevar ein krava for at lungesjuke skal få oksygenbehandling heime, kan ein i praksis enda opp med å lenka dei til senga.

Den norske prioriteringsdebatten framstår nødvendigvis som litt absurd for resten av verda.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Dei fleste legar er truleg glade for å sleppa slike avgjerder i det daglege. Det er forskjell på å seie «oksygenverdiane dine er så gode at du ikkje fyller krava til å få heimeoksygen» og på å seie «eg synest han karen i nabosenga verkar meir tungpusta enn deg, så eg gir oksygenapparatet til han i staden». Det fyrste er ei konstatering. Det andre er ei vurdering. Ein pasient som opplever at legen undervurderer symptoma hans og ikkje trur på det han seier blir fort ein misnøgd og skuffa pasient. Den tilliten som er så verdifull i forholdet mellom behandlar og behandla får seg ein knekk.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Heldige Norge

Den norske prioriteringsdebatten er nødvendig og viktig, men verkar nødvendigvis litt absurd for resten av verda. For dei som prøver å driva helsetenester på Gaza, i Liberia og i slummen i Russland er beinharde økonomiske tyngdelover ein del av kvardagen. I Norge er me heldigvis skåna frå slikt når lege og pasient sit ned saman. Det er kanskje det viktigaste å hugsa på i prioriteringsdebatten.

Og når det gjeld drosjelappen, så brukar me kvart år rundt to milliardar på pasientreiser i Norge.