Hopp til innhold

Når offeret også har ansvar

Kritikken frå 22. juli-kommisjonen vil svi, for enkelte politifolk og for eit system som Jens Stoltenberg er den ansvarlege for.

Stoltenberg og kommisjonsrapporten

Statsministeren sjølv blir adressat for det som måtte kome av politisk kritikk. Den same statsministeren som eit samla politisk Norge har hylla for å ta nasjonen gjennom dei tunge månadane, skriv Knut Magnus Berge om 22. julikommisjonen.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

Ein mann aleine har ansvaret for myrderia 22. juli – han ventar på sin dom. Men korleis var landet rusta i møtet med terroren, og kven skal svare for manglane?

Ansvaret er mitt, slo Jens Stoltenberg fast - berre månadar etter at han vart bomba ut av kontoret.

Når 22. julikommisjonen kjem med rapporten sin 13. august, opnar det også for den store debatten om ansvaret for beredskapssituasjonen i landet, og kva vi kan lære.

Total kommunikasjonssvikt

Det var mykje som gjekk gale 22. juli i fjor. Og det er ingen grunn til å tvile på at kritikken frå kommisjonen vil svi. Særleg er nervøsiteten stor i politiet. Ein fryktar at det vil bli peika ut syndebukkar.

Det er ingen grunn til å tvile på at kritikken frå kommisjonen vil svi.

Knut Magnus Berge, Kommentator i NRK

Det viktigaste kapittelet i rapporten kjem nemleg til å handle om politioperasjonen. Vi vil få høyre om noko nær ein total kommunikasjonssvikt.

Kor skal ansvaret plasserast? Hos enkelttenestemenn eller politileiing? Eller ligg ansvaret hos politikarane som har gitt rammene for beredskapen opp gjennom åra?

Dei tunge spørsmåla

Mandatet til kommisjonen er breidt, og spørsmåla tunge og vanskelege:

  • Kunne tryggingstenestene oppdaga Breivik før ugjerningane?
  • Korleis var det mogeleg å parkere ein bombebil ved inngangsdøra til statsministerkontoret?
  • Kunne Brevik vore stoppa på veg til Utøya?

Og det største og viktigaste spørsmålet: Kvifor fekk han halde på så lenge på Utøya?

Nær sanninga

For å yte rettferd til dei mange pårørande og offer som ventar på svar, må kommisjonen kome så nær sanninga som råd. Det er også avgjerande for at kommisjonen skal oppfylle sitt viktigaste oppdrag - identifisere kva samfunnet kan lære av 22. juli.

Det viktigaste kapittelet i rapporten kjem til å handle om politioperasjonen. Vi vil få høyre om noko nær ein total kommunikasjonssvikt.

Knut Magnus berge, Kommentator i NRK

Det er ikkje sikkert kommisjonsrapporten vil kunne gi oss alle svara. Men vi må ha ei kjensle av at alle steinar er freista snudd. At det ikkje blir gjort noko forsøk på å tildekke.

Derfor kan kommisjonens konklusjonar kome til å svi. Også for enkeltpersonar.

Systemsvikten

Enda viktigare enn jakta på syndebukkar, er å sjå systemsvikten. I spørsmålet om kvifor Breivik fekk halde på så lenge på Utøya ligg heile kjeda av ansvar. Frå enkelttenestemenn til kommunikasjonssvikt og manglande helikoptertilgang. Frå politileiing på ulike nivå, via justisapparatet til regjeringstoppane.

Vi må ha ei kjensle av at alle steinar er freista snudd. At det ikkje blir gjort noko forsøk på å tildekke.

Knut Magnus Berge, Kommentator i NRK

At Arbeidarpartiet og regjeringsapparatet var offer for terroren 22. juli, illustrerar sensitiviteten i den debatten som no kjem. Etter at dei fleste justistoppande er forsvunne ut på ulikt vis, blir statsministeren sjølv adressat for det som måtte kome av politisk kritikk. Den same statsministeren som eit samla politisk Norge har hylla for si evne til å ta nasjonen gjennom dei tunge vekene og månadane.