Hopp til innhold
Kronikk

Latterlege overskrifter

Antonsen og Golden gjer nok ein gong narr av lokale avisoverskrifter. Men er dei så sikre på at «Ny hylle på Prix» ikkje er god journalistikk?

"Ny hylle på Prix"

I boka «Ny hylle på Prix» tek Atle Antonsen og Johan Golden føre seg overskrifter frå lokalpressa landet rundt. Men kronikkforfattaren meiner det er langt mellom dei humoristiske eksempla.

Foto: Andrea Kvamme Hagen / NRK

Kva er vesentleg eller uvesentleg av det som står i avisene? Blir perspektivet nokre gonger for smått og nært? Dette er spørsmål som alltid ligg i bakhovudet i alle redaksjonar, men som det naturleg nok er vanskeleg å gje faste svar på. Den faglege debatten har i alle fall pågått i minst femti år. I 1968 kom for eksempel boka Anders Persson har vrickat foten ut i Sverige, og ho vart grundig diskutert i journalistmiljø i heile Norden. I sommar dukka debatten opp igjen med VGs Agurknytt, og i høst er altså Antonsen og Golden tilbake med såkalla «lårklaskende humor» om norsk lokaljournalistikk.

Historisk sjanger

Dei fleste med litt interesse for aviser og med nokre år på baken, har godt innblikk i kva det er snakk om i praksis, mellom anna gjennom Agurknytt som gjekk i Reiseradioen i om lag 20 år, redigert av Torkjell Berulfsen, Knut Borge og Tor Gabrielsen, og som seinare kom ut i bokform. Få boktitlar kjem opp mot Dame fekk fenalår pga. utmagra hannkatt, som den eine samlinga heitte. I radioen vart banalt og mikroskopisk nytt lese opp med festlege kommentarar.

Få boktitlar kjem opp mot «Dame fikk fenalår pga. utmagra hannkatt».

Rune Hetland

No er det ein god del humor i dei aller fleste redaksjonar, og mykje agurknytt frå avisene var nok også humoristisk meint alt i utgangspunktet. Men ein del humor er sjølvsagt også utilsikta. Dei fleste redaksjonar har likevel nok sjølvironi til ikkje å ta seg nær av å bli gjort narr av om perspektivet nokre gonger blir for nært. Ja, mange pressefolk såg det beint fram som ei ære at sakene deira vart siterte i Agurknytt sjølv om det var i ein mindre flatterande samanheng.

Glissent mellom høgdepunkta

Spalta i Reiseradioen har fått fleire oppfølgjarar. Mellom anna presenterer humoristane Atle Antonsen og Johan Golden innsende klipp i programposten Misjonen på P4. I 2013 kom den fyrste samlinga med høgdepunkt derifrå, Statsråd vant spekeskinke. Og tidligare i høst kom altså den andre samlinga, Ny hylle på Prix. Med tanke på alle avisene som kjem ut her i landet, er dei humoristiske eksempla i boka eigentleg ikkje så mange. Det er mange blanke sider og god plass mellom klippa. Kanskje er ikkje lokaljournalistikken så latterleg og kuriøs som dei sentrale stroka skal ha det til likevel. Men noko moro til ettertanke både for avislesarar og for pressefolk er det sjølvsagt. Og avisene må tole å bli gjort narr av når det er grunnlag for det.

Med tanke på alle avisene som kjem ut, er dei humoristiske eksempla i boka eigentleg ikkje så mange.

Rune Hetland

Bak overskrifta

Men nokre gonger, kanskje oftast, kan verkelegheita vere meir komplisert enn den som jaktar på humor, kanskje er klar over. Går vi for eksempel bak saka som har gjeve tittelen til boka, Ny hylle på Prix, viser det seg at hylla er laga av ei verna verksemd som har som mål å få arbeidslause ut i arbeid. Bak oppslaget ligg det difor ei langt meir komplisert historie enn den konkrete hylla. Og truleg er dei fleste lokale lesarane både innforstått med og interessert i dette. Fungerer verksemda? Blir det nokre oppdrag? Kor flinke er lokale næringsdrivande til å gjere seg nytte av verksemda? For nokon kan bildet av hylla i avisa kanskje til og med vere ein like stor personleg siger som det er å vinne eit sportsarrangement for andre.

Lite å le av

Om vi prøvde å gå bak også nokre av dei andre sakene i den nye boka, er det ikkje utenkjeleg at vi kom til å oppdage det same. Det er med andre ord først når vi tar saka ut av lokalmiljøet og ut av lokalavisa, at ho blir morosam for andre. Og med fare for å verke hårsår på Distrikts-Noregs vegner, gjev det grunn til ettertanke. Ingen av eksempla i boka er henta frå Oslo, kanskje med unnatak av eit einaste. Isolert sett har dette lite å seie, men sett saman med for eksempel at dei fleste store mediekanalane ofte er Oslo-sentrerte, kan det vere med på å skape eit skeivt bilde av kva som er viktig og mindre viktig her i landet. Haldningar som sett på spissen til sjuande og sist er med på å bestemme dei politiske avgjerdene.

Bak oppslaget ligg det ei langt meir komplisert historie enn den konkrete hylla.

Rune Hetland

At det er mykje å le av i Oslo-avisene også, viser mellom anna den gode spalta Under streken i Aftenposten, som ofte også er sjølvironisk. Og det er ingen dristig påstand at ein god del av det som blir presentert i Oslo-dominerte medium, kan verke like håplaust uaktuelt, dumt og tåpeleg i delar av Distrikts-Norge, som dei humoristiske døma i boka Ny hylle på Prix. Det kjem an på kva perspektiv ein har, eller ønskjer å ha. Men kanskje er slike døme meir til å gråte av enn til å le av.

Den som ler sist

Alle kan le når perspektivet i avisene blir for nært, og det må avisene tole. At lokalavisene generelt legg stor vekt på nære nyhende, ler ingen av lenger. Det er ei allment akseptert sanning at avisene spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet – som formidlar av nytt, som identitetsskapar, som vaktbikkje, som debattforum, som forbrukarrettleiar og som offentleg oppslagstavle. Ikkje minst viser opplagsutviklinga til dei små avisene dette, og den utviklinga er i alle fall til å bli i godt humør av.