Hopp til innhold
Kronikk

Kva slags songfuglar skal i bur?

I går braut eg loven ved å syngje på veg til jobben. Eller gjeld den loven eigentleg for kvite, norske advokatfullmektigar? spør advokat Bengt Waldow.

Tigger Stortinget

Ikkje eingong Oslopolitiet ville opptrøtt så uskjønnsamt at dei straffa ein kvit, norsk advokatfullmektig for å syngje på gata eller sove i parken. Desse lovane handlar om «dei andre», skriv advokat Bengt Waldow.

Foto: Karlsen, Anette / NTB scanpix

I går song eg The Smiths «There is a light that never goes out» på offentleg stad. Ugjerninga skjedde mens eg gjekk til jobben min i Bergen og tok til i krysset Øvre Blekevei/Steinkjellergaten i Bergen, og enda utanfor kontoret mitt i Strandgaten.

Eg hadde ikkje meldt frå om dette til politiet og den manglande meldinga er derfor straffbar etter politiloven § 30 nr. 4 jf. vedtektene si § 4:

Det å syngje på gata utan å ha meldt frå til politiet er forboden i Bergen.

Bengt Waldow, advokat

Den som på eller ut mot offentlig sted vil framføre sang eller musikk, stelle til oppvisning eller framvisning eller gjøre bruk av høyttaler, må sende melding til politiet.

Song og soving bør ikkje forbyast i eit demokrati

Teksten over var innleiinga på ei innmelding av meg sjølv som eg aldri sende, men la ut på Twitter. Den var ein kommentar til debatten om endring av politivedtektene i Oslo, som advokat Jon Wessel-Aas starta på NRK Ytring 30.01. Det å syngje på gata utan å ha meldt frå til politiet er forboden i Bergen.

Den same meldeplikta er no foreslått innført i Oslo. Initiativtakarane vil at den også skal gjelde utdeling av flygeblad. Oslopolitiet går enda lengre og vil kriminalisere det å sove utandørs.

Å sove utandørs pleiar eg også å gjere, gjerne i Nordnesparken, i Muséhagen eller på byfjellene ein godversdag. Synging og det å sovne i sola med den ein er glad i bør ikkje vere forboden i eit demokrati.

Synging og det å sovne i sola med den ein er glad i bør ikkje vere forboden i eit demokrati.

Bengt Waldow, advokat

Sjølv om det er forboden vil eg sjølvsagt ikkje ha noko å frykte. For, som politiadvokat Helge Vigerust såg treffande kommenterte innmeldinga mi i Bergen si Tidende: Det er ikkje slike forhold den aktuelle paragrafen i politivedtektene er meint å ramme.

FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter.

Loven må vere lik for alle

Juridisk sett er det likevel ikkje tvil om at slike forhold blir ulovlege etter føresegnene. Og like utvilsamt er det at ikkje eingong Oslopolitiet ville opptrøtt så uskjønnsamt at dei straffa ein kvit, norsk advokatfullmektig for å syngje på gata eller sove i parken. Som sagt: Det er ikkje slike forhold den aktuelle paragrafen er meinte å ramme.

Desse lovene gjer oss og dei andre til kriminelle: Advokaten som syng på veg til jobb, jusstudenten som søv i ein busk etter ein fest, barnet ditt som spelar blokkfløyte for å samle inn pengar til UNICEF.

Bengt Waldow, advokat

For vi veit alle at dei «forholda» som vedtektene er «meinte å ramme» er dei andre som spelar og syng på gata og dei andre som søv i parken.

Samtidig kan ikkje Stortinget eller kommunestyra gi lovar og vedtekter som gir direkte uttrykk for dette. Loven må vere lik for alle. Dei kan ikkje forby dei andre å sove i parken eller påleggje dei andre å registrere seg hos politiet før dei syng eller spelar.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Diskrimering er ikkje papir

Dei kan likevel gi lovar som rammar oss alle. Som gjer oss og dei andre til kriminelle: Advokaten som syng på veg til jobb, jusstudenten som søv i ein busk etter ein fest, barnet ditt som spelar blokkfløyte for å samle inn pengar til UNICEF, eller fiolinisten som tek fram fela på Flesland – fordi ho har lyst.

Samtidig kan politikarane vite at norsk politi er så skjønnsame at dei berre bruker desse føresegnene mot «dei forholda» som dei «er meinte å ramme» og at dei aldri ville tenkt på å plage advokaten, studenten, barnet din eller fiolinisten. Vi er trygge. Det er ikkje dei andre.

Diskriminering er ikkje papir. Diskriminering er praksis.

Bengt Waldow, advokat

Dermed blir eit skapt regelverk som på papiret går klart av det menneskerettslege forbodet mot diskriminering, men i praksis berre rammar dei andre. Dei andre som ikkje veit kva politivedtekter er. Som ikkje kan lese. Som ikkje kan vite kor og korleis dei skal melde frå. Dei andre som søv ute med sin kjære – om vinteren, fordi dei må.

Diskriminering er ikkje papir. Diskriminering er praksis. Desse vedtektene er diskriminerande. Det er ille. Enda verre er det at dei er meinte å vere det. Slike rettsreglar vil eg ikkje ha. Eg vil ikkje ha politikarane som lagar dei heller.