NRK Meny
Kronikk

Det vanskelege A-ordet

Når Shimon Peres vitjar Noreg, bør regjeringa seie rett ut det John Kerry sa ved ein glipp: Israel risikerer å bli ein Apartheid-stat.

PALESTINIANS-ISRAEL/PROTESTS An Israeli border police throws a stun grenade at Palestinian stone throwers during clashes in the West Bank city of Hebron

Ein israelsk grensevakt kastar ein sjokkgranat mot palestinske steinkastarar under samanstøyt i Hebron i september i fjor.

Foto: DARREN WHITESIDE / Reuters

Bli med på eit tankeeksperiment.

Du går ned Torggata mot Youngstorget i Oslo. Butikkane ligg tett, menneske pratar og smiler – det er handledag. I det du kjem forbi Marinos kebab byrjar nettingen. Ved Torggata bad har ei gruppe militante nynorskbrukarar flytta inn. Det er vegsperringar som er vakta av forsvaret. Plassen framfor Torggata bad og vegen til Oslo S er berre for nynorskbrukarar, dei treng ein påkjørselsveg til Drammensvegen, som no har blitt hovudferdselsåra mot Vestlandet, som berre nynorskbrukarar kan køyre på.

Det er utenkeleg i Oslo, men er kvardagen i Hebron, den største byen på Vestbreidda. Her held ei lita gruppe ulovlege busetjarar til, midt i ein nesten utelukkande palestinsk by, velsigna og støtta av det israelske forsvaret.

I dei okkuperte områda på Vestbreidda er Israel ansvarleg for ei systematisk forskjellsbehandling og segregering av menneske basert på etnisitet. Det er ulike vegar for israelarar og palestinarar. Det er skilnad på utdanning, vassforsyning og andre tenester til palestinarar og israelarar. Israel har etablert ein mur som 85 prosent av busetjarane bur innanfor, og som stengjer palestinarar ute frå delar av sitt eige land. Det er systematisk, ulik behandling.

Det er apartheid.

LES OGSÅ: Peres til NRK: Vi forhandler ikke med våre venner.

Kan ikkje seie sanninga

Riktig nok ei segregering basert på nasjonalitet, ikkje på rase, og berre i dei okkuperte områda. Prinsippet er like fullt det same; Systematisk segregering som offentleg politikk, grove brot på menneskerettar i regi av ein stat.

Det er systematisk, ulik behandling. Det er apartheid.

Bård Vegar Solhjell, nestleiar i SV

Eg er ikkje den fyrste som omtaler situasjonen på Vestbreidda som apartheid. Ei rekke akademikarar, FN-leiarar og politikarar har påpeika det same. Nobelprisvinnar Desmond Tutu har gjort det. Den nobelprisvinnande, tidlegare amerikanske presidenten Jimmy Carter skreiv i boka /Palestine: Peace not Apartheid/ at det var rett å skildre situasjonen som apartheid.

For eit par veker sidan brukte den amerikanske utanriksministeren, John Kerry, A-ordet på ein litt anna måte. Han enda opp med å unnskylde seg. For å ha sagt noko som openbart er riktig. Han åtvara om at utan ei tostatsløysing, vil Israel enten måtte slutte å vere ein jødisk stat, eller utvikle seg til ein apartheid-stat med ulike rettar for ulike innbyggjarar.

Dette er ein reell fare som israelske politikarar og intellektuelle stadig tek opp, og ei viktig årsak til den store støtta ei tostatsløysing har i Israel. Men i USA kan ikkje John Kerry seie sanninga, mellom anna fordi den pro-israelske lobbyen påverkar både opinionen og pengar ein kan få inn i dyre valkampar.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Nasjonale historier

Samstundes er det nyansar i denne konflikten ein må forstå og erkjenne. Både israelarar og palestinarar har nasjonale historier som kan forklåre kvifor vi er der vi er. Det har budd arabarar kalla palestinarar i området i uminnelege tider. Så seint som i 1880 utgjorde dei over 80 % av folket i området. Det har også budd jødar i området i uminnelege tider, og jødane skriv si nasjonale og religiøse historie tilbake til det same området. «Jerusalem har vore hovudstaden vår i 3.000 år», vil ein kvar israelsk politikar fortelje deg.

John Kerry enda opp med å unnskylde seg. For å ha sagt noko som openbart er riktig.

Bård Vegar Solhjell, nestleiar i SV

Jerusalem er ein sentral by i jødedomen og kristendomen, men også i Islam. Eit langt steinkast ovanfor klagemuren – jødane sin viktigaste heilagdom – ligg Al Aqsa-moskeen, som er den tredje viktigaste heilagdomen i Islam. I lange periodar har ulike folk levd fredeleg side ved side her. Palestinarar og jødar bur spreidd utover ulike strøk i byen.

Difor må ein rettferdig fred gi rom for at begge folk kan leve verdige og sikre liv der. Ei løysing må sikre religionsfridomen og gje alle tilgang til Jerusalem og Gamlebyen. Eg unner Israel sitt folk tryggleik og fridom av heile mitt hjarte. Men den kan ikkje byggjast på okkupasjon av andre sitt land, og systematiske brot på menneskerettane til eit anna folk. Det er heller ikkje berekraftig for vanlege israelarar.

ISRAEL-PALESTINIANS/EVACUATION Jewish settlers sit near disputed building in Hebron

Israelske ungdomar sit på ein mur ved ein busetning i ein omstridt bygning i Hebron, 2008.

Foto: ELIANA APONTE / REUTERS

Lite fredsprosess igjen

Noreg har i mange år spela ein viktig og konstruktiv rolle i konflikten. Vi har snakka med alle partar, og drive fredsprosessen framover.

Vi må seie det John Kerry tenkte og sa – og så stå ved det.

Bård Vegar Solhjell, nestleiar i SV

Diverre er det i dag lite av ein fredsprosess å drive framover. Det er mange år sidan det vart gjort framsteg. Derimot vert det fleire og fleire ulovlege busetjingar på palestinsk territorium, og dermed verre og verre å sjå for seg ei tostatsløysing. Det palestinske samfunnet har i mange år vore splitta. I Israel har vilja til å strekke seg vore fråverande etter ei kraftig politisk høgredreiing.

PLO og Hamas kom for få veker sidan fram til ein samarbeidsavtale. Det fekk Israel til å bryte den førebels siste forhandlingsrunden.

Skal Noreg spele ein rolle i Midtausten-konflikten framover, må vi tenke annleis enn vi gjorde i åra etter Oslo-avtalen.

Konsekvensar for okkupasjon

Nokre prinsipp bør ligge fast, som å snakke med alle og å konsekvent kritisere brot på menneskerettane og folkeretten uansett kven som står bak. Difor må vår statsminister skildre brota på internasjonal lov som Israel står bak som det dei er, og vise vår reaksjon på det overfor Shimon Peres. Vi må seie det John Kerry tenkte og sa – og så stå ved det.

Dessutan bør Noreg sette makt bak krava overfor Israel, og ta initiativ overfor andre land om å gjere det same. Når land bryt fundamentale internasjonale reglar gjennom okkupasjon og brot på menneskerettane, må det få konsekvensar.

Pro-palestinsk, pro-israelsk

Eg får av og til kritikk for at eg er pro-palestinsk. Vel, eg er veldig for Palestina og palestinarar. For eg er for internasjonal lov og mot okkupasjon.

Men eg er også for Israel og israelarar. Eg er for at dei skal ha det trygt, og ikkje vere truga av rakettangrep.

Det er mange hindringar for fred, men den største er Israels okkupasjon av Palestina.

Bård Vegar Solhjell, nestleiar i SV

Det er mange hindringar for fred, men den største hindringa – for begge folk – er i dag Israels okkupasjon av Palestina og brota på menneskerettar. Så lenge denne politikken held fram kan Palestina aldri få sin eigen stat, og Israel aldri få tryggleik og fred.

Regjeringa bør i dag gje Shimon Peres ein varm og verdig velkomst, og gratulere han med fredsprisen. Og formidle vår sterke kritikk av den israelske politikken.