Hopp til innhold

Det ukjente Arktis

Dei siste 40 åra har Arktis mista omtrent 10 000 tonn med havis, kvart einaste sekund. Vi må planlegge for ei ukjent framtid. Dette er ikkje tida for å sette nye petroleumsrekordar på norsk sokkel.

Isbjørn på Svalbard

Svalbard har flytta seg frå eit kaldt arktisk klima til eit varmt atlantisk klima. Utrulege 97 månader på rad har vore varmare enn normalt. Klimaendringane i Arktis blir som for resten av landet, berre veldig mykje verre, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Ingen stader er klimaendringane meir synlege enn i Arktis. Frå å ha hatt tjukk, grov, havis året rundt, er store deler no isfritt om sommaren. Isen som er igjen er blitt tynnare, er meir oppsprukke, og er blitt mykje meir sårbar for vind og vær. Dei siste tiåra har truleg vore dei varmaste og dei mest isfattige i Arktis på fleire tusen år. Den globale oppvarminga har gjort at Arktis nesten ikkje er til å kjenne att.

Oppvarminga i Arktis skuldast verdas avhengigheit av kol, olje og gass. Samanhengen mellom klimagassutslepp og global oppvarming er klar. I oktober i fjor publiserte FN spesialrapporten om 1,5 graders oppvarming. Rapporten viser at verda så langt er blitt 1 grad varmare sidan den industrielle revolusjonen på 1800 talet. Med ytterlegare ein grads oppvarming, vil vi kunne begynne å sjå dei første isfrie somrane i Arktis.

Arktis er nesten ikkje til å kjenne att.

15. januar la World Economic Forum fram årets Global Risk Report. Dei største risikoane er alle relatert til miljø og klima, og rapporten slår i klartekst fast: «Of all risks, it is in relation to the environment that the world is most clearly sleepwalking into catastrophe». Same dag kunne regjeringa stolt annonsera at dei setter ny rekord i nye utvinningstillatingar på norsk sokkel. Heile 14 av dei er i Barentshavet.

Klimarisiko for samfunn og økonomi

Klimarisikoutvalet leverte sin rapport 12. desember. Dei peiker på korleis klimaendringar fører til risiko for det norske samfunnet, direkte og indirekte, både fysisk og for norsk økonomi. I pressemeldinga vert det spesielt trekt fram « betydningen av gode analyser av klimarisiko i petroleumssektoren.» Berre ein månad seinare kan vi i ny pressemelding altså lese om den rekordhøge tildelinga av utvinningstillatingar på norsk sokkel ­– utan eit ord om klimarisiko.

Før klimatoppmøtet i Katowice utfordra eg regjeringa til å tenkje nytt og stort. Eg vil gjere det igjen.

Vi er velsigna med mykje vatn og vind. For hundre år sidan gjorde vasskraft oss til ein industrinasjon. For femti år sidan vart vi ein oljenasjon. Langs vår lange kyst har vi fantastiske ressursar, som aldri tar slutt, som ikkje vil forureine og som ikkje vil øydeleggje klima. Vindkraftverk til havs kan gjere oss til verdas første nullutsleppsnasjon. Og til storeksportør av rein energi. Vi treng ein politikk som gjer det meir lønsamt å bidra til det grøne skiftet enn til å fortsette langs gamle spor.

Sjølv Isfjorden på Svalbard har ikkje lenger is.

Då Erna Solberg sist torsdag lanserte si nye regjering, stod klima og omstilling sentralt. Regjeringa varslar ei gjennomgang av kvar sektor for kvar ein kan kutte. Det er lov å håpe på nye takter, klimapolitikken må sjåast i samanheng med oljepolitikken. For Arktis sin del, hastar det.

Frå polar ørken til våt kyst

Dei siste 40 åra har Arktis mista 10 000 tonn med havis, kvart einaste sekund. Ingen stader har vi sett større endringar enn i vår del av Arktis, altså kring Svalbard og i Barentshavet.

Varmare luft gjer at sommarisen forsvinn, men om vinteren er det havet som styrer. Isen vert angripen frå fleire kantar. Svalbard har flytta seg frå eit kaldt arktisk klima til eit varmt atlantisk klima. Sjølv Isfjorden på Svalbard har ikkje lenger is. Utrulege 97 månader på rad har vore varmare enn normalt.

Ingen stader har vi sett større endringar enn i vår del av Arktis.

I februar vil ein ny rapport om klimaendringar på Svalbard bli lagt fram i Longyearbyen. Folk på Svalbard må nok vera budd på eit endå varmare klima, med meir nedbør, meir ras og meir flaum. Endringane blir som for resten av landet – berre veldig mykje verre.

Skal vi heie på turisten eller isbjørnen?

At Barentshavet snart er isfritt, året rundt – vil få store samfunnskonsekvensar, men uvissa er stor. Nokre stikkord er fiskeri, forsking, forvaltning, petroleum, transport, turisme og vindkraft.

Det er grunn til å spørje om petroleumsaktivitet i nord er foreinleg med fiskeri, turisme eller norske klimamål. Eller om turisme i sårbare område er foreinleg med forvaltning og naturvern. Skal vi heie på turisten eller isbjørnen når desse støyter på kvarandre?

Kva som vil skje med verdas største torskebestand når iskanten, og artane som lever der, flytter seg ut av Barentshavet, veit vi ikkje. Dette er eit av dei mange ubesvarte spørsmåla i Arktis.

Vi treng ein politikk som gjer det meir lønsamt å bidra til det grøne skiftet.

Denne veka startar konferansen Arctic Frontiers i Tromsø. Gjennom ei lang rekkje foredrag og paneldiskusjonar, både på dagtid og på kveldstid, vil vi forhåpentleg kome eit stykke nærare svaret på mange av spørsmåla.

Ein ting er i alle fall heilt sikkert: Vi må planlegge for ei ukjent framtid.