Kronikk

Det er problemer innad i Høie

Ein kan ikkje ha eit standpunkt som tilfredsstiller KrF, Kvinnegruppa Ottar, Human-Etisk Forbund og Legeforeningen samtidig. Ikkje rart Bent Høie slit om dagen.

Bent Høie i Stortinget, bekymret

Helseminister Bent Høie har i den siste tidas debattar vingla og vore svært utydeleg på kva verdiar han legg til grunn for politikken, skriv kronikkforfattar Ingebjørn Bleidvin.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Bent Høie er ein erfaren politikar og eit av regjeringa sine sterkaste kort. Han kan bli sitjande lenge, og legga føringar for norske helsepolitikk i lang tid framover. Då er det greitt å vita kvar me har han.

Dessverre er Høie utydeleg på kva verdiar han eigentleg legg til grunn for sitt virke. I starten var forsvaret for reservasjonsretten for legar basert på «respekt for individets samvittigheit». No har det endra seg til at «hovedhensikten er å røyke ut og få fram hvilke leger som reserverer seg».

Same dobbeltkommunikasjon ser me når det gjeld omskjering av gutar. Som helseminister har ikkje Høie lyst til at gutebarn skal skjærast på i usanitære kjellarlokale og døy av komplikasjonar på hans vakt. Det er forståeleg, og løysingane han foreslår fell i kategorien «minst dårleg». Høie kunne derimot valt å gjera det klart at dette er eit uønskt fenomen, og at han vil jobba for å få slutt på omskjering i Norge.

Det gjer han dessverre ikkje. Han seier klart og tydeleg at omskjering «ikkje er prinsipielt galt», og nektar barnekirurgar å reservera seg mot inngrepet. Dermed går han svært langt i å legitimera praksisen.

Oppsummert: Abort? Legar kan reservera seg mot medisinske inngrep av religiøse årsaker. Omskjering? Legar kan ikkje reservera seg mot religiøse inngrep av medisinske årsaker.

HØYR OGSÅ: Jørgen Strickert om omskjeringsdebatten på Salongen.

Same forsvar, ulike saker

Paradoksalt nok brukar Høie i sitt forsvar for omskjering i offentleg regi eit argument som i si tid vart brukt for sjølvbestemt abort: Både abort og omskjering er noko som vil skje, uansett kor lite ynskjeleg det er. Det er best for alle at me får det inn i ordna og sikre former.

Høie er utydeleg på kva verdiar han eigentleg legg til grunn.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Argumentet ramlar fort saman. Ved abort er det kvinna som tek valet. Det er ho som må leva med vedtaket resten av livet. Ved omskjering er det foreldra, under sterkt press frå kulturelle normer, som bestemmer. Men det er barnet som må leva vidare med avgjerda. Sjølvsagt kan gravide kvinner også oppleva press frå omgivnadene, men ikkje på langt nær i same grad som ved religiøse dogme nedarva gjennom generasjonar.

Abort er også medisinsk grunngitt. Ikkje i kvart enkelt tilfelle, ofte langt derifrå. Det er svært ofte snakk om «uhell» eller at det «ikkje passar». Men den samla effekten på kvinnehelse i eit samfunn der ein innskrenkar tilgangen til sjølvbestemt abort er katastrofal. Hadde alle jødar og muslimar i Norge slutta med omskjering, ville ingen ha merka noko som helst. Unntatt barna.

FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.

Baby i narkose

Omskjering er langt ifrå medisinsk grunngitt. Tvert imot. Eit samla fagmiljø, iallfall i dei delar av verda der gruppepresset ikkje er massivt for å godta omskjering, går imot skikken. Omskjering medfører smerte, bløding, sår og infeksjonsrisiko. Narkose kan døyva den akutte smerta, men er risikabelt og ubehageleg i seg sjølv. Fleire internasjonale studiar tyder på at nyfødde oppfattar smerte sterkare enn større barn og vaksne, og at smerte kan påføra spedbarn alvorlege traume.

Ved omskjering er det foreldra. Men det er barnet som må leva vidare med avgjerda.

Ingebjørn Bleidvin, lege

«Bruk av vald og skremmande eller plagsam framferd eller annan omsynslaus åtferd overfor barnet er forbode. Dette gjeld òg når valden brukast som ledd i oppsedinga av barnet.» Dette står i Barnelova § 30. Dersom ein strippar vekk all den religiøse staffasjen og tradisjonane rundt omskjering av gutar, skal det godt gjerast å argumentera for at eit smertefullt, kirurgisk inngrep ikkje er «plagsam framferd».

Korleis er dette meir akseptabelt enn å slå barna sine seinare i oppveksten, fordi ein meiner det er bra for karakteren og bygger respekt? Tradisjonar er ikkje nødvendigvis greie sjølv om dei er utbreidde i andre delar av verda. Det burde ikkje vera vanskeleg for Høie å markera avstand til slike brutale, unødvendige inngrep.

Etisk suppe

Høie sine noverande problem skuldast i stor grad at han har prøvd å vera pragmatisk og løysingsorientert, og prøvd å ta omsyn til flest mogeleg på éi gong. Det kunne ha blitt elegant og velfungerande, men er i ferd med å enda opp som eit lappeteppe av motstridande etiske omsyn.

Omskjæring er langt ifrå medisinsk begrunna. Tvert imot.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Det må nødvendigvis bli ganske schizofrent når ein prøver å få til eit standpunkt som skal vareta synspunkta til både KrF, Kvinnegruppa Ottar, Human-Etisk Forbund og Legeforeningen. Ikkje minst når det er viden kjent at helseministeren i tillegg argumenterer mot sitt eige personlege standpunkt i reservasjonsdebatten.

Laster Twitter-innhold

Prinsipplaust helvete

Både det norske folk og den norske regjering har avgrensa merksemd. Det er berre eit visst antal saker som kan dominera offentleg debatt til kvar tid. Reservasjonssaka har overskygga nærmast all anna helsedebatt i over eit halvt år. Omskjering truar no med å verta ein oppfølgar. Dette treng me verkeleg ikkje.

Det burde ikkje vera vanskeleg for Høie å markera avstand til slike brutale, unødvendige inngrep.

Ingebjørn Bleidvin, lege

Store avgjerder må takast innan helsesektoren dei komande åra. Kommunereforma vil påverka heile primærhelsetenesta. Kostbare medisinske nyvinningar vil gje oss ei kontinuerleg rekke av vonde og vanskelege prioriteringsdebattar. Bioteknologien, som Høie har varsla ein omfattande gjennomgang av, vil gje oss mogelegheiter til å leika «Gjør det selv» med skaparverket på måtar me no knapt kan førestille oss.

Det er langt frå sikkert at helseministeren sin «praktisk og løysingsorientert»-strategi vil fungera i desse komande debattane. Frå pragmatismens himmel er det kort veg ned til eit prinsipplaust helvete. Helseministeren balanserer farleg nær kanten.