Hopp til innhold
Kronikk

Desibeldustane

Kva er greia med å snakke i telefon på høgtalar?

Iselin Dagsdotter Sæterdal

Eg har lurt på om vi kanskje har tatt med oss vanane frå nokon år med heimekontor og heimeskule ut på gata, og i same slengen gløymd at andre rundt får med seg det som blir sagt, skriv kronikkforfattaren.

Foto: Privat

Eg synest det er fascinerande å sjå, eller kanskje aller mest høyre, at det har skjedd noko med korleis vi både snakkar i og brukar telefonen.

Mykje oftare enn før opplever eg å bli utsett for folk som snakkar i telefon på høgtalar, eller brukar han som si eige vesle underhaldningsavdeling til «glede» for alle rundt.

Det er to ting som skurrar med dette. Det eine er mangel av ei etisk vurdering, kor den som er i andre enden snakkar høgt og utleverande, kanskje utan å vite om det.

Har vi blitt så lite sensitive for andre rundt at dei berre blir til kulissar?

Det er ganske sært å stå på butikken og heilt plutseleg bli dratt med inn i eit samlivsbrot, kor personen i andre enden heilt tydeleg ikkje er klar over at heile grønsakavdelinga på Kiwi får med seg denne høgst private samtala.

Sjølv om vedkomande i andre enden skulle vite om at det går føre seg på høgtalar, så kan samtala dreie seg om andre personar, som heilt uvitande får heile privatlivet sitt bretta ut framfor vilt framande på T-banen.

Og kva om det er nokon i vogna som kjenner personen det er snakk om?

Det blir som baksnakking forsterka gjennom høgtalar, som heile T-banevogna kan overhøyre.

Som den gongen eg ufrivillig fekk fullt innblikk i to kollegaer si oppfatning av kor kjip sjefen i ein namngitt bedrift var. Eg er ganske sikker på at teieplikta blei brote minst eit par gonger, utan at dei ensa at andre fekk med seg heile samtalen.

Det blir som baksnakking forsterka gjennom høgtalar.

Sjølv om det er både ubehageleg og inngripande å plutseleg bli dratt inn i både arbeidsforhold og private sfærar, så overlever eg det (men føretrekker heilt klart å sleppe dette unødvendige og uynskte innblikket).

Korleis er det for personen i andre enden, eller den dei snakkar om, å bli utlevert på denne måten, kanskje heilt utan å ein gong vite om det?

Eg kan ikkje forstå at ein er nøydd til å snakke i telefon på høgtalar, men om du likevel skulle ha eit godt og velgrunna behov for å gjere det, meiner eg at du definitivt må informere personen i andre enden om at hen er på høgtalar, så vedkomande sjølv kan ta stilling til om hen føler for å dele heile samtalen med alle på bussen, gata, toget, ferja, kaféen eller butikken.

Det andre som skurrar, er støyen det bringar med seg for alle andre rundt.

Eg har lurt på om vi kanskje har tatt med oss vanane frå nokon år med heimekontor og heimeskule ut på gata, og i same slengen gløymd at andre rundt får med seg det som blir sagt.

Det kan virke som at mange ikkje har tanke for at det kan vere ganske forstyrrande å ufrivillig bli dratt med inn ein telefonsamtale eller eit Zoom-møte når ein eigentleg berre ville sitte i fred og lese nettaviser (ja, det har skjedd at personen på nabobordet på kafé har møte med lyden på høgtalar).

Eg kan ikkje forstå at ein er nøydd til å snakke i telefon på høgtalar.

Har vi blitt så lite sensitive for andre rundt at dei berre blir til kulissar, og at desse kulissane ikkje er noko hinder for at ein skal kunne bruke telefonen som om ein framleis sit heime?

Men, kanskje overraskande for nokon, så er det ganske forstyrrande og støyande å måtte halde seg til ein samtale, eller musikk for den saks skyld, kringkasta for heile omverda på høgtalar.

Du tar eit val på vegner av alle andre rundt deg, og utsett oss for støy vi ikkje har moglegheit til å velje vekk. Du blir det Skyss, kollektivtilbodet i Vestland fylke, i ei kampanje frå 2014 kalla ein desibeldust; ein person som snakkar høgt i telefonen eller speler så høg musikk at støyen er til plage for andre.

I kampanjen er det vel å merke personar som speler så høgt at støyen frå hovudtelefonane er plagsame for andre som definerast som desibeldustar. Hadde det berre vore så vel at ein i det heile hadde brukt hovudtelefonar eller øyrepluggar!

Nesten 10 år etter kampanjen er det ikkje noko betre, snarare tvert i mot. Det kan virke som at øyrepluggar og hovudtelefonar som konsept i stor grad òg har blitt gløymd.

Det er ganske sært å stå på butikken og heilt plutseleg bli dratt med inn i eit samlivsbrot.

Opplevingane med desibeldustar har vore overveldande mange den siste tida.

Døma kan nemnast i fleng:
Dama som ser skirenn utan øyrepluggar så alle i togvogna får det med seg anten dei vil eller ikkje, og gjer det nesten umogleg å ha ein samtale med dei du reiser med. Kommentatorstemma og kubjølla overdøyver annankvar setning.

Han som har langdistansesamtale på FaceTime, med hard, elektronisk klang og mykje bakgrunnsstøy i den andre enden.

Dei som sit rett bak deg og endelaust blar og blar i reels på sosiale media, med ny, enerverande musikk kvart 10. sekund.

Føresette som gjev barn tilgang på mobilspel med einsformig og irriterande bakgrunnsmusikk, som alle som står innanfor ein diameter på fem meter får tredd nedover hovudet sitt på ein stappa buss på veg heim etter ein lang dag på jobb.

Om du verkeleg ikkje klarer å halde telefonen heilt opptil øyret når du har ein samtale, har behov for å sjå vedkomande du pratar med på skjermen, eller ser på noko du ha lyd til, please:

Bruk øyrepluggar, hovudtelefonar, eller vent til du kjem heim. Spar den du pratar med, dei du pratar om og oss andre for utlevering av private samtalar og uynskt støy.

Oppfordringa mi til deg som held på slik er: Ikkje ver ein desibeldust!

Hør podkast: Om mobilbruk og støy i det offentlege rom