«Ho lever, pappa, ho lever!»
Det er det som står sterkast i minnet etter andre juledag for ti år sidan. Eg og tre born midt i tjueåra hadde leita etter kona mi, Vigdis, i tre timar før me tok oss opp i høgda ved tempelet og fann kona i live. Men 230.000 menneske omkom då havet rasa innover land i Asia, 78 omkomne i Unawatuna, der me var.
Eg var på ferie, men var dagsnyttreporter heime. Denne dagen vart eg både offer, pårørande og reporter.
Klokka ni lokal tid den morgonen på Sri Lanka låg eg på stranda i ei solseng, med bagen med mobiltelefonen og verdisaker ved sida. Vigdis gjekk ein tur bortover stranda, kåra til ei av dei ti finaste strendene i verda. Ungdomane var framleis på hotellet.
Me hadde vakna to timar tidlegare av jordskjelv, men det fall oss ikkje inn at dette to timar seinare nær kunne ta livet av oss.
Forstod ikkje kva som skjedde
Plutseleg vart eg kasta av solsenga, ei kjempebølge kasta meg bakover. Eg klarte så vidt å unngå å bli slengt mot ei palme, kjempa meg gjennom eit piggtrådgjerde og landa oppi hotellbassenget 60 meter inne på land.
Eg ser det meste rundt meg bli knust. Båtar ligg langt inne på land, bilar på sjøen, dei små husa ved stranda er knuste, berre hotellet står. Men eg ser fleire døde og alvorleg skada menneske. Sjølv blør eg berre frå nokon sår, særleg på beina.
Men det er Vigdis eg tenkjer på. Ho gjekk på stranda og må ha blitt teken av havet som berre plutseleg reiste seg og knuste det som kom i vegen. Tsunami hadde eg aldri høyrt om, og eg forstod eigentleg ikkje kva som skjedde.
FØLG DEBATTEN: NRK Ytring på Facebook.
Vrakgods og døde menneske
To av ungdomane mine åt frukost på hotellet nær stranda då bølgja kom, dei såg havet reise seg og kom seg opp eit par etasjar. Me fann kvarandre etter kort tid, men det gjekk altså tre timar der eg var så å seia sikker på at kona mi var drepen av bølgja. Men sonen insisterte på å gå mellom knuste hus, vrakgods av alle slag og døde menneske – og leita etter mora. Me var nok meir og mindre i sjokk alle. Rundt oss høyrde vi ofte rop om at det kom ei ny bølgje.
Etter å ha leita eit par timar, kom tårene. Eg grein og var fortvila. Eg fekk låna ein telefon og ringde Dagsnytt i Oslo. Dei kunne då fortelja at det hadde vore eit jordskjelv med etterfølgjande tsunami i Asia og at om lag 130 menneske var døde.
Då måtte eg seia at eg trudde eg hadde sett ti prosent av desse døde der me var, så dersom dette hadde ramma store deler av Asia, måtte det vera langt fleire omkomne. Eg følte at eg burde gi ein rapport for Dagsnytt om kva eg hadde opplevd, men sidan me sakna kona mi ville det ikkje vera rett, og eg veit heller ikkje om eg ville ha klart det utan å ta til tårene. Det forstod vaktsjefen.
Overlevande og pårørande sender papirlamper til værs under ei minneseremoni etter 2004-tsunamiens ofre.
Foto: CHAIWAT SUBPRASOM / REUTERSNå måtte eg fortelja
Men ein time etterpå fann me Vigdis i live. Ho var rett nok i sjokk og bleik etter å ha blødd kraftig frå hovudet. Vigdis hadde sett den 6 meter høge veggen av hav som kom mot henne på stranda. Ho vart kasta mellom knuste husdelar, tre og anna vrakgods 200 meter innover land og slusa inn i eit hus. Der klatra ho opp på ein sofa som var slengt opp mot veggen. Vatnet gjekk tilbake først då det stod opp til halsen hennar.
Ho var i sjokk då ein lokal mann fann henne og hjelpte henne opp til tempelet på høgda. Då ante ho ikkje korleis det var gått med oss andre, men ho var ikkje i stand til å leita sjølv.
Då me endeleg hadde funne ho sa ungdomane til meg at nå, nå måtte eg ringa Dagsnytt og fortelja kva me hadde opplevd. Det gjorde eg, og den korte rapporten vart sendt første gong seint på morgonen, andre juledag.
Då eg seinare høyrde denne rapporten, merka eg at eg nok ikkje var heilt klar. Eg seier mellom anna at eg hadde sett mange døde som ikkje var i live ...
Frå kaos til julefeiring
Eg avtalte då å koma tilbake med rapportar til både radio og TV. Men straks etter vart all telekommunikasjon broten.
Me kjende oss svært isolerte der me sat. Fleire var i sjokk, nokon hadde øydelagt ryggen, andre visste ikkje korleis det hadde gått med slekt og venner dei reiste saman med. Då det kom eit helikopter over oss, skapte det håp, men også forbanning frå nokon då det ikkje landa nær oss.
Ein slik situasjon får fram både dei beste og dei verste sidene ved folk. Lokalfolk var fantastiske; dei kokte ris og steikte reker og gav oss, sjølv om dei gjerne ikkje visste korleis det hadde gått med deira folk langs sjøen.
Etter to døger kom me oss til hovudstaden Colombo ved hjelp av ein bil frå den norske ambassaden, som hadde fått telefon frå vår familie i Norge om kor me var. Via sjukehuset vart me varmt mottekne i ein juleoverpynta ambassadørbustad. Det var litt av ein kontrast til kaoset me då kjem frå!
Bortskjemd og nærsynt
Me norske var enormt privilegerte i forhold til alle dei fastbuande på Sri Lanka som ikkje fekk særleg hjelp verken med sjukepleie eller gjenoppbygging av husa sine. Då me var komne vel heim – etter å ha blitt tilbydd psykologhjelp på alle flyplassar ute og heime – tok eg etter nokon dagar ein telefon til forsikringsselskapet vårt. Ti minutt etter kom det 50.000 kr inn på vår konto!
Etter heimkomsten nyttårsaftan las me om massiv kritikk av norske styresmakter fordi ambassaden ikkje hadde stilt nok opp for turistane i Thailand og for at dei gav ut feil tal på døde nordmenn. Dette viser kor bortskjemde og nærsynte me er.