Europa rundar nok ein 1. mai i krisetider – men det gjeld meir i sør enn i nord. Femten tusen offentleg tilsette i Hellas risikerer å misse jobben som ei direkte følge av den nye innstrammingspakka parlamentet i Athen vedtok søndag. Då røyk nemleg jobbgarantien dei greske offentleg tilsette har nytt godt av.
Samtidig talte Enrico Letta til det italienske parlamentet for første gong som statsminister.
«Vi døyr av innstrammingar aleine», sa Letta i Roma, og kravde vekstfremmande tiltak. Talen hadde klar adresse til tyske Angela Merkels krav til tunge kutt i offentlege budsjett, som føresetnad for krisehjelp til landa i sør.
FØLG DEBATTEN: Ytring på Facebook
Sør mot Nord
Imens har arbeidsløysa vakse til nye høgder, annankvar unge søreuropear er utan jobb.
Der det historiske skillet i etterkrigstida har gått mellom aust og vest i Europa, går no skillet mellom sør og nord. Mellom relativt velfungerande økonomiar i nord, og kriseråka land i sør. Krisa har utvikla seg frå gjeldskrise via sosial krise til ei politisk tillitskrise. Og der nokre tilrår ein smartare sparepolitikk, meiner andre det no må brukast pengar.
Det dei fleste er samde om, er at dei sosiale konsekvensane av sparepolitikken er verre enn ein hadde sett føre seg.
På turné nordover
I Hellas flyttar unge studentar heim til foreldra på landsbygda fordi dei ikkje får jobb i byane. Ein desillusjonert generasjon unge i Italia, Spania og Portugal er utan håp om betring. Italias nye statsminister har mange i ryggen når han no slår i bordet mot innstrammingane.
Samtidig kryp arbeidsløysa nordover og det er ein aukande skepsis – også der – til den einsidige sparepolitikken. Denne veka er Enrico Letta på turné.
I Paris finn han støtte for kravet om ein meir vekstfremmande politikk. Hos Angela Merkel i Berlin, sjølve drivkrafta bak den europeiske sparepolitikken, sit det lenger inne. Kanskje er det rom for ei litt mjukare tilnærming også frå Merkel – men berre litt. For statsminister Letta møter ingen angrande syndar i Berlin. Merkel står fast på at politikken har vore heilt nødvendig; søreuropearane kunne ikkje halde fram med å leve over evne.
FØLG DEBATTEN: @NRKYtring på Twitter
Og viktigare; det same meiner tyske veljarar, som tar ein stor del av rekninga for krisepakkene. I september er det val i Tyskland, eit val der Angela Merkel har utsikter til å vinne sin tredje periode som tysk regjeringssjef. For Italias nye regjeringssjef er det derfor neppe grunn til å håpe på dei store omleggingane – i alle fall ikkje på denne sida av det tyske valet.
Motstridane råd frå veljarane
For dei demokratiske vala spelar sjølvsagt tungt inn i europeisk politikk. Utfordringa er at det er dei nasjonale vala som tel, mens politikken det er tale om skjer på europeisk nivå. Og der Merkel har støtte hos tyske veljarar for framleis strenge krav til innstramming i sør, var det einaste tydelege signalet frå valet i Italia i vinter; nei til sparepolitikken!