Frå før veit ein at par med høgare utdanning ofte har større ressursar til å gi eit barn utdanning - enn foreldre som har lite eller inga utdanning.
Det er aust-europeiske demografar som spør seg om Europa på grunn av dette vert dummare?
- Å trekke denne tendensen dit hen at Europa vert dummare, vil vi ikkje utan vidare vere med på, seier Arne Sunde som er leiar i europeiske fertilitetsekspertar, ESHRE, sitt utvalg for demografi, epidemiologi og helseøkonomi. Han er og leiar for fertilitetsseksjonen ved Universitetssjukehuset St.Olavs i Trondheim.
Professor Arne Sunde
- Men vi ser heilt klart ei reeell uro, særleg i Aust-Europa, der demografane rett og slett drøftar korleis nasjonen skal byggast vidare med bakgrunn i at mange av barna som no vert fødde - mest sannsynleg endar opp med lita eller inga høgare utdanning. Tendensen er den same i til dømes Tyskland, sjølv om problemet der ikkje er så uttalt som i aust, seier Sunde.
Tid og pengar
Det er fleire årsaker til at kvinner med høgare utdanning, og då særleg i aust- og sør i Europa, føder færre barn enn sine medsøstre med lågare utdanning.
- Tidsapektet i seg sjølv, det å ta ta ei høgare utdanning tek år, og mange av kvinnene er rett og slett ikkje lenger fertile når dei endeleg har tid og økonomi til å få barn, seier Sunde.
Den same tendensen ser vi her heime, der gjennomsnittleg alder for førstegongssfødande er stigande. I 2007 var førstegongsfødane i Noreg i gjennomsnitt 28 år, og i sentrale strok som i områda rundt Oslo var snittalderen på kvinner som fekk sitt første barn over 31 år.
- Den andre faktoren er velferdsordningar. Noreg og dei Skandinaviske landa er på mange måtar i ei særstilling, der ein har fått til godt utbygde permisjonsordningar, bra barnehagedekning og generelt lagt til rette for at kvinner både kan ha barn og ei yrkeskarriere.
I mange andre europeiske land ligg ein langt etter på desse områda. Permisjons- og lønsordningar under eit svangerskap kan vere bortimot fråverande, og når barnet først har kome, er det på ingen måte sjølvsagt at det finst barnehageplassar.
Valet mellom det å få barn eller det å ikkje få barn - vert då i stor grad også eit økonomisk val , ja nærast eit livsstilsval, og då særleg for kvinnene som ofte må vere den totalt heimeverande etter barnefødslar, seier Sunde.
For mange kvinner er det då ikkje eit alternativ å få barn i det heile.
Nanny og status
Eit unnatak frå tendensen finst i familiar der økonomien er svært god i utgangspunktet.
-Særleg i dei nordiske landa ser vi at velståande familiar gjerne får mange barn - kanskje tre eller fleire. Men her kjøper ein seg gjerne hjelp til barnepass gjennom nanny eller au-pair-ordningar, forklarar Sunde.
- Det å få mange barn vert då på sett og vis eit statussymbol som signaliserar at familien både har tid, ressursar og pengar til å oppdra mange barn - samstundes som forretning og jobb går så det susar.
Også forskar Helge Brunvold ved Statistisk sentralbyrå ser denne trenden:
-I Noreg er det fleire høgt utdanna kvinner som får tredje barn enn andre kvinner. Etterkvart vert det konsum å få mange barn, kanskje eit statussymbol. Dei som har ressursar og kan gi barn ein god oppvekst, får fleire barn. På den andre sida er det fleire høgt utdanna kvinner som ikkje får barn i det hele tatt, seier Brunvold.
Test av velferdsstaten
Sjølv om kvinner med lågare utdanning ofte vel å få fleire barn, er likevel tendensen eintydig i store delar av Europa og Norden: Vi føder langt langt færre barn enn berre for få år sidan. Resultatet vert ein eldrebølge som og vert ein test av den europeiske velferdsstaten, meiner Sunde.
- I motsetning til USA, der det er det private eller familien sjølv som må ta ansvar for pensjons- og sjukeordningar, er det i Europa det offentlege som i stor grad betalar for dette.
Mange eldre vil etterkvart trenge pleie og omsorg, og det betyr store utgifter for staten. Samstundes peikar fødselstala i retning av at det det stadig vert færre til å gjere denne omsorgsjobben, og kor mange som er i jobb, heng igjen saman med kor mykje skatteinntekter ein stat får inn.