Hopp til innhold

Demente lagar sin eigen app

Mange ynskjer å GPS-merke demente, men kva om dei demente lærer seg å bruke GPS sjølve for å finne fram? Norske forskarar lagar no ein app i samarbeid med demente. Den skal hjelpe dei å ha ein meir aktiv og tryggare kvardag.

demensapp

LEGGJE TIL OG TREKKJE FRÅ: Ved hjelp av papirlappar får personar med demens fortalt forskarane kva funksjonar dei vil ha i appen sin.

Foto: Silje Bøthun / SINTEF

demensapp

OVERSIKT: Personar med demens har problem med å hugse tid, stad og føremål. Aktiv-appen gjev dei enkelt oversikt over det.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

I Noreg har over 70 000 personar demens og forskarar reknar med at det blir dobbelt så mange innan 20 år. Ved SINTEF i Trondheim held dei no på å utvikle ein app som skal hjelpe personar med demens i kvardagen.

Det finst fleire appar innanfor dette området, men dei er fyrst og fremst laga for at pårørande og helsepersonell skal kunne overvake personar med demens. Dei har gjerne GPS-sporing, og nokre har funksjonar for å halde styr på inntak av mat og medisinar.

Til skilnad frå desse er Aktiv-appen frå SINTEF laga for og utvikla i samarbeid med dei demente sjølve.

LES OGSÅ: Datatilsynet positive til GPS-merking av demente

Kva, kor og når

– Med Aktiv-appen skal personar med demens fyrst og fremst hjelpe seg sjølve, og funksjonane i appen er laga for det. Men det skal det òg vere enkelt for dei å kontakte andre om dei ser at dei treng hjelp. Dersom personen ikkje klarar å hjelpe seg sjølv og heller ikkje klarar å skaffe seg hjelp, har appen òg ein funksjon som lar pårørande spore dei opp.

Det fortel Kristine Holbø. Ho industridesignar og forskar, og jobbar i prosjektgruppa som lagar appen.

Målet med Aktiv-appen er at personar med demens enkelt skal få oversikt over kor dei er, kor dei skal, kva dei skal gjere og når dei skal gjere det. Funksjonen som lar pårørande lokalisere dei kjem i tillegg.

Slik blir det mogeleg for dei å kome seg meir ut og ha ein aktiv kvardag.

LES OGSÅ: Molde tester overvåking av demente

Enkel å bruke, enkel å tilpasse

Kristine Holbø

TAR DOKTORGRAD PÅ APP: Kristine Holbø jobbar i prosjektgruppa som utviklar Aktiv-appen. Arbeidet er ein del av doktorgraden hennar i industriell design ved NTNU.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

Appen Aktiv er ikkje heilt som ein vanleg app. Den tar nemleg over mobiltelefonen og gjev den eit heilt nytt grensesnitt. Slik bestemmer den korleis du brukar mobiltelefonen.

Etter å ha testa appen på personar med demens og deira pårørande i nokre veker i sommar, har SINTEF-forskarane valt ut nokre funksjonar som må med.

– Ein må kunne ringje og ta imot samtalar, ha ei kontaktliste, ei oversikt over avtalar og hendingar, tilgang til andre appar ein ynskjer å bruke, og ein kartfunksjon.

Etter kvart som demensen blir verre, kan ein ved hjelp av appen ta vekk funksjonar frå mobiltelefonen, utan at utsjånaden og bruksmåten endrar seg. Slik er sjansen større for at personen vil kunne bruke den lenger.

Det gjer det òg enklare å kunne tilpasse telefonen til den einskilde brukaren og kor langt demensen har kome hos ho.

LES OGSÅ: De første tegnene på demens

Symbolsykja

demensapp

HELLER NAMN ENN BILETE: Testgruppa syntest det var lettare å hugse namna enn bileta til personane i kontaktlista si.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

– Me vil gjere appen så enkel som mogeleg utan forstyrrande design. Til dømes har smarttelefonar gjerne symbol for alt mogeleg. Det kan vere vanskeleg for dei demente å hugse og forstå kva symbola betyr. Då er det lettare med bokstavar, fortel Holbø.

Til dømes ville testgruppa heller ha namn på personar i kontaktlista si enn bilete av dei. Derfor blir det mykje bokstavar i appen, og førebels ser den ikkje så imponerande ut.

–Jo enklare det skal vere, jo vanskelegare er det å lage eit reint design. Det er ei av utfordringane våre vidare no, seier Holbø.

Sjølv om Aktiv-appen i hovudsak er utvikla for personar med demens, kan andre òg bruke den.

– Appen er for alle som treng ein svært forenkla smarttelefon. Til dømes eldre utan demens, men som ikkje er vane med å bruke smarttelefon og nyare teknologi.

LES OGSÅ: Tar ikke demens på alvor

Deltakande design

I arbeidet med appen har det vore viktig for forskingsgruppa ved SINTEF å snakke med dei demente om kva dei treng og ynskjer, ikkje berre kva pårørande og helsepersonell meiner dei har behov for.

– Me har arbeidd med deltakande design. Det vil seie at me har utvikla appen i samarbeid med personane som skal bruke den. Det har vore ei utfordring. Dei er ikkje alltid så lette å kommunisere med og dei har ein del funksjonelle utfordringar. Det er òg viktig at dei forstår kva dei er med på, forklarar Holbø.

I møte med dei demente har forskingsgruppa brukt både teikningar og legoklossar. Slik har det vore lettare for personane med demens å forklare behov og ynskjer.

demensapp

ENKEL OG FUNKSJONELL: For å gjere mobiltelefonen så brukarvenleg som mogeleg, er det mange vanlege smarttelefon-funksjonar som må vekk.

Foto: Liv Ragnhild Holdhus Sjursen / NRK

LES OGSÅ: Demens krever mye av de nærmeste

Frå fasttelefon med store tastar til app

Med Aktiv-appen håpar forskingsgruppa at personar med demens kan få ein høgare livskvalitet. Dei vil kunne ha ein meir aktiv livsstil og samstundes kjenne seg trygge fordi dei veit at dei har eit enkelt hjelpemiddel med seg. Det kan òg føre til høgare livskvalitet for dei pårørande.

– Ofte er utryggheita ei tung bør å bere både for personar med demens og deira pårørande, fortel Holbø.

Dei med tidleg demens har størst behov for å vere aktive, og det er nok dei som vil få mest hjelp av Aktiv-appen. Mange av desse har allereie brukt smarttelefon og datamaskiner ei tid før dei får demens, og vil ha lettare for å bruke appen.

Kristine Holbø og forskingsgruppa hennar ved SINTEF synest det er på høg tid at det blir laga teknologiske nyvinningar eldre.

– Me ynskjer å tette gapet mellom fasttelefonane med ekstra store tastar som har vore vanlege hjelpemiddel for eldre i mange år no, og ein moderne smarttelefon.

SINTEF lagar appen i samarbeid med Regionale forskningsfond (RFF), kommunane Bærum, Drammen og Trondheim, og utviklarselskapet TellU AS. Appen skal vere ferdig sommaren 2015.

LES OGSÅ: Slik kan du forebygge demens