Hopp til innhold

Stjernespekka blinkskot

Juryen måtte innom hundrevis av spektakulære bilete før Årets Astronomifotograf 2010 omsider blei kåra.

Amatørknipsarar og profesjonelle fotografar kjempa nyleg side om side då Årets Astronomifotograf 2010 skulle kårast.

Fjerne planetar, vakkert måneskin, fengslande stjernebilete og fortryllande nordlys er noko av det juryen har hatt å velge mellom. Det blei kåra vinnarar i seks ulike kategoriar. Av desse skulle juryen til slutt peike ut èin fotograf som kunne smykke seg med den gjeve tittelen Årets Astronomifotograf.

Blant dei 400 deltakarane frå 25 forskjellige land, var det amerikanaren Tom Lowe trekte det lengste strået i år med sitt bidrag «Blazing Bristlecone».

Vinnarbilete 2010: "Blazing Bristlecone" av Tom Lowe

Vinnarbiletet 'Blazing Bristlecone' imponerte juryen på fleire måtar.

Foto: Tom Lowe

Symbolikken imponerte

Vinnarbiletet til Lowe viser Mjølkevegen i boge over eitt av verdas eldste tre, ei over 4000 år gammal furu ved Sierra Nevada i USA.

Kåringa av Årets Astronomifotograf vert skipa til av Det Kongelege Observatoriet i Greenwich (ROG) i samarbeid med «Sky at Night Magazine».

– Eit vakkert fotografi som kombinerer den fryktinngytande nattehimmelen med livet her på jorda, sa jurymedlem Marek Kukula om vinnarbiletet «Blazing Bristlecone».

Juryen var også imponert over symbolikken i biletet.

– Trea er gamle, men dei er likevel berre spedborn samanlikna med lyset frå stjernene som skin på dei. Nokre av desse stjernene starta sin reise mot jorda for 30.000 år sidan.

Litt pengar, mest ære

I tillegg til pengepremien på om lag 9500 norske kroner, skal Lowe heidrast med å få fotografiet sitt utstilt på det gamle observatoriet i Greenwich. London frå den 10. september 2010.

Forutan Lowe som var vinnar av kategorien "Earth and Space" var det fem andre som gjekk til topps i sine kategoriar:

• Det Djupe Rommet: Rogelio Bernal Andreo (USA) med «Orion Deep Wide Field»

• Vårt Solsystem: Anthony Ayiomamitis (Hellas) med «Siberian Totality »

• Årets Unge Astronomifotograf: Dhruv Arvind Paranjpye (India, 14 år) med «A Perfect Circle»

• Folk og Rom: Steven Christenson (USA) med «Photon Worshippers»

• Beste Nykommar: Ken Mackintosh (UK) med «The Whirlpool Galaxy (M51)»

Både vinnarbiletet til Lowe og vinnarane av dei andre kategoriane er med i utstillinga som er open frå publikum frå 10. september i år til 27. februar 2011.