Hopp til innhold

Ytterlegare to jervar felt i Sogn

Statens Naturoppsyn (SNO) skaut i går to jervar i Indre Sogn.

Jerv felt under jervejakt i Sogn.

Den eine jerven som vart felt onsdag under den ekstraordinære jervejakta i Sogn.

Foto: Statens Naturoppsyn-Aurland

Dermed er det skote til saman fire jervar i den ekstraordinære jakta som direktoratet gav løyve til før helga .

- Den eine vart teken ut i fjellområda mellom Lærdal og Årdal, den andre vart teken ut i Fortunsdalen i Luster kommune, opplyser Rein Arne Golf i SNO.

Måndag felte SNO dei to første jervane .

Utvida løyvet

Sjølve jakta har skjedd frå helikopter. Løyvet var i utgangspunktet på tre jervar, men vart i går utvida med ein etter nye observasjonar.

At det er skote fire jervar i løpet av tre dagar meiner saubonde Erling Offerdal viser at dei hadde rett då dei i fjor hevda det var meir i jerv i området enn styresmaktane ville vedkjenne seg.

- Såg berre åtte

- Eigentleg burde dei høyrt på oss då, i staden for at ein måtte tole ganske store smertefulle tap for einskilde brukarar i ein del område, seier han. Statens Naturoppsyn held fast på at dei ikkje kunne identifisere meir enn åtte jervar i fjor.

- Det er jervar som går både i Sogn og Fjordane, Oppland og naboregionane, seier Golf.

Fleire kan bli skotne

Golf seier dei også har dokumentasjon på at det skal vere ei ynglande tispe i området, og at det også kan bli gitt fellingsløyve for den. Offerdal vonar at fleire jervar blir skotne.

- Vi veit det er ein god del jerv. Det er kanskje ikkje så farleg om dei hadde teke eit par til når dei først er i gang, seier han.