Her var Olav «problembarnet» som 4-åring
Så byrja Line (25) å jobba der
– Eg såg eit barn som trong hjelp
Dei endra liva til kvarandre
Dei endra liva til kvarandre
Olav M. Pettersen (25) ruslar rundt ved ein nedlagd barnehage i Øygarden kommune.
Her var han «den umoglege» guten.
Rampete.
Hissig og utagerande.
– Eg var nok ganske intelligent, men også eksplosiv og ustabil. Sleit med å kontrollera kjenslene mine.
– Mange gode minne, mange dårlege, og sikkert mykje som er fortrengt.
Olav M. Pettersen
Klysa
Han veit godt at han plaga og skapte uro og ablegøyer.
Bakken der rutsjebana stod minner han på éi historie:
– Ein gut som skulle skli ned før meg, hadde kaps på seg. Eg stod bak han og spytta ned på kaps-skjermen. Då guten var nede, hang spytteklysa ned framfor heile ansiktet.
Men mest av alt hugsar han sin barndoms store helt.
– Line! seier han, og slår handa mot hjartet.
– Ho gav meg så mykje omsorg då eg sårt trong det. Ho har verkeleg sett meg og høyrt meg.
SOL OG SKYGGE: Olav har mange dårlege minne frå barnehagealderen. Line kom og gjorde ting lysare.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRKEit misforstått barn
Line Moberg-Alvheim kom til barnehagen som heilt nyutdanna. Ho var 25 år, slik Olav er nå.
I sin faste første jobb møter ho denne utagerande, men sjarmerande fireåringen.
– Eg ser at her er det eit barn som treng hjelp.
Nå, 21 år seinare, møter dei oss for å fortelja om dagane og frustrasjonane dei delte.
To vanlege menneske, med vanlege utfordringar i kvardagen.
Og likevel:
To unike menneske som kanskje kan inspirera oss andre med historia si.
– Det minnet som sit sterkast i meg, er den misforståtte Olav.
Line Moberg-Alvheim
spesialpedagog
Åtferdsvanskar
Det at Line som heilt fersk pedagog møtte vesle Olav, førte til at ho tok spesialpedagogikk og åtferdsvanskar som vidareutdanning.
– Veldig mange av dei tinga som me gjorde saman, har andre «Olav-ar» nytt godt av seinare. Både gutar og jenter, seier ho.
– Olav har ikkje berre ein plass i hjartet mitt. Han har bygd eit heilt palass!
Line Moberg-Alvheim
spesielapedagog
Olav er heilt ærleg på at han nok var ein vanskeleg unge å takla.
– Det blei mykje utagering. Og eg fekk ofte skjenn for ting som eg både gjorde og ikkje gjorde.
Line minnest eit tilfelle då noko gale hadde skjedd. «Det er nok Olav», blei det sagt.
– Men Olav var ikkje der. Han var heime den dagen, ler Line.
Olav var van med at folk hadde veldig fokus på det han gjorde som var gale.
Mora hans har eit sårt minne om ein morgon dei avtalte eit «eksperiment»: Han skulle prøva å unngå bråk og sinne heile barnehagedagen.
Då han kom heim på ettermiddagen, kom hjartesukket hans:
– Ingen ser meg når eg er snill.
Saks gjennom lufta
Line hugsar fleire detaljar enn Olav gjer frå den tida. Ho spør han om lov før ho fortel vidare.
– Han kunne bli så sint at han kasta ting. Saksa flaug gjennom rommet. Eller at han «fyrte til» eit anna barn.
Men Line såg også alle dei gode sidene hans.
– Du var empatisk, varm, morosam, kreativ.
– I nitti prosent av tida var det jo ikkje «saks gjennom lufta». Men det blir gjerne saksa ein snakkar om. Det er eit spørsmål kva ein skal velja å fokusera på.
Olav opplevde at Line såg det han var flink til. Som å teikna eller bygga Lego.
– Du kom inn og såg det gode eg gjorde. Du støtta meg i det og oppfordra det, og hadde tolmod til å deala med kjenslene mine.
«Lines metode»
Line og fireåringen blei einige om ein metode for at han skulle komma seg ut av situasjonane når han blei så sint.
1. Du kan få rabla så hardt du vil på dette arket på denne døra, med skikkeleg innleving.
2. Eller kasta denne tingen opp i denne kassen frå denne avstanden.
3. Eller du kan få komma og henta meg, slik at eg skal halda deg eller vera nær.
Line fortel om eit av dei tydelegaste minna hennar. Då sit ho på pauserommet.
– Så flyg døra opp, og du ropar: «Line, hald meg, eg vil slå!».
– Du kom bort og eg heldt deg på fanget med armane nesten som eit sikkerheitsbelte. Og så kjente eg at du ... pusta ut og berre fann roa.
«Få det ut»
Inspirasjon til metoden fann ho i sitt eige temperament.
– Om eg sjølv blir forbanna og ordentleg sint, så kjenner eg på dette med «å få det ut». Og det vil vera akkurat det same for ein fireåring.
– Då hjelper det ikkje å seia «det går bra» eller «det er ikkje noko å vera sint for». Ein må få det ut.
Å SJÅ BEHOV: – Du møter kvart barn etter deira behov, seier Olav. – Eg prøver, men skal ikkje seia at eg alltid meistrar det, seier Line.
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK«Ta seg inn igjen»
Men Line hadde også andre strategiar.
Å snu merksemda mot dei gongene «problembarnet» fekk ting til. For eksempel å «ta seg inn igjen» etter ei utagering.
– Det å liksom «ta deg» i å gjera noko bra. Påpeika og framheva det.
Line og Olav hadde ein avtale: Alle dei gongene han meistra noko, skulle dei snakka høgt om det så alle i barnegruppa høyrde det.
Og dei gongene ting gjekk dårleg, tok dei samtalen, berre dei to.
– Det er kjempeviktig å la barn fysisk få ut litt av all den energien som er i sinne, seier Kirsten Flaten ved Høgskulen på Vestlandet.
Foto: Eva Marie Felde / NRKOlav og Line imponerer forskarane
Då to pedagogikk-forskarar ved Høgskulen på Vestlandet får høyra det Olav og Line fortel, blir dei begeistra (sjå faktaboksen).
– Det er utruleg kjekt å høyra sånne historier om kor godt det kan gå, seier Kirsten Flaten, dosent i spesialpedagogikk.
Hilde Hofslundsengen, professor i pedagogikk, meiner Line var «forut for si tid».
– Ho skal ha ros for allereie den gongen å ha tenkt såpass mykje på å møta kjenslene til barna. Å sjå ungane og møta dei med tillit, er kjempeviktig.
Gjøgling
Og så var det dette med den smarte sjarmøren Olav, då.
Line fortel om ein dag då han hadde «strekt strikken». Tolmodet hennar var ganske tynnslite.
– Du hadde «tynt han» og «tynt han», til eg blei heilt sånn: «Nå, Olav, nå er det nok». Så sit han og teiknar, og puttar to grøne, tjukke fargeblyantar inn i nasen. Så snur han seg sakte og berre sit heilt roleg og ser på meg.
– Det går jo ikkje an å vera sint på nokon som sit slik med to blyantar og berre er heilt «løk».
Line Moberg-Alvheim
spesialpedagog
Dei ler godt av minnet og biletet.
– Så eg var liksom gullunge og dritunge på same tid? kommenterer Olav.
– Ja, ein som eg var sjukt glad i, men som samtidig kunne adrenalinprovosera meg.
– Handla det òg litt om at du investerte så mykje i han?
– Ja, ja. At eg er blei trigga i kjenslesystemet mitt.
«Du er god nok»
Olav hugsar at han på barneskulen sakna omsorga hennar, og i ungdomstida var han framleis utagerande.
– Sånn var det eigentleg fram til ungdomsskulen.
Så det Line hjelpte han med i barnehagen, var ikkje nokon kvikk fiks.
– Kanskje det me jobba gav deg litt meir tru på at du er god nok, og at du såg nokre handlingsalternativ som du kunne ta med deg. Men den verkelege jobben er det du sjølv som gjer vidare, seier ho.
– Eg trur det snudde då eg kom til puberteten. Då gjekk liksom sinnet bort og det blei meir usikkerheit, kanskje litt depresjon. Då måtte eg finna nye taktikkar for å deala med det på, seier Olav.
– Denne plassen drit eg i. Men Line gav meg så mykje omsorg då eg sårt trong det.
Olav M. Pettersen
«Kjenslemeistringsvanskar»
Etter kvart fekk han eit omgrep – ikkje ein diagnose – på det han sleit med.
– «Kjenslemeistringsvanskar» var det dei sa til meg. Eg håpa på ADHD, ler han.
– Men nå er eg veldig glad at eg ikkje har ein slik tittel å lena meg på. Fordi det handlar om å ta ansvar for det eg gjer.
Kampen Olav og Line kjempa for kjenslemeistringa hans i barnehagen blei til ein varig vennskap. Dei har halde kontakten sidan. Ikkje at dei møtest verken jamleg eller ofte, men meir eller mindre tilfeldig innimellom.
Og då han skulle konfirmera seg, var det opplagt å invitera Line.
– Den neste blir sikkert når eg skal gifta meg.
– Mor di har allereie invitert meg i bryllaupet ditt! svarar Line.
DEDIKASJON: Line kjøpte kunstverket til Olav. På baksida skreiv han: «Verden med deg i seg blir et litt bedre sted. Hilsen din lille venn fra barnehagen».
Foto: Eskil Byrkjeland / NRK«Palass i hjartet mitt»
Olav har nå eige firma for design og foto. Nyleg dukka Line opp og kjøpte eit bilete han hadde laga.
– Frå den gongen då du fotograferte meg då eg teikna i barnehagen, til at du nå kjøper kunsten min. Det er veldig sånn «full sirkel», meiner Olav.
– Ein gong skreiv eg i ei melding til mor di at du ikkje berre budde i hjartet mitt. Du hadde liksom bygd eit heilt palass der. Det er magisk! seier Line.
Håpar du likte denne forteljinga. Del gjerne andre oppmuntrande historier eller idear med meg!