Hopp til innhold

Vurderer kommunesamanslåing i HAFS

Kommunesamanslåing mellom Hyllestad, Fjaler og Askvoll kjem på dagsorden i dei nyvalde kommunestyra.

- Vi må sjå på kommunesamanslåing med større alvor enn tidlegare, seier på­­troppande ordførar i Hyllestad, Jan Olav Gjerde (Ap).

Han meiner samhandlingsreformen stiller så mange utfordringar til småkommunane at debatten tvingar seg fram.

Gjerde får støtte frå kollegaene i HAFS-regionen. Arve Helle i Fjaler er meir enn klar til å ta opp debatten.