Hopp til innhold

To alternativ for Fedje-ubåten

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen avviser at regjeringa har bestemt seg for å dekkja til ubåtvraket utanfor Fedje.

U-864 ved Fedje

Vraket av den tyske ubåten U-864 ligg utanfor Fedje, heilt nord i Hordaland. Debatten om heving eller tildekking har vart i mange år.

Foto: Geoconsult/Kystverket

Regjeringa har bestemt seg for at ubåtvraket utanfor Fedje i Hordaland ikkje skal hevast, men gjev etter for lokalt press. No vil dei sjå om ein kan fjerna kvikksølvet utan å heva ubåtvraket.

– Vårt mål er det som er sikrast for miljøet og best for folk på Vestlandet. Derfor går me vidare med to alternativ. Eit alternativ er å heva lasta, og eit alternativ er tildekking, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen til NRK sundag kveld.

Ny runde

Fedje i Nordhordland

Den tyske ubåten «U-864» ligg på 150 meter under havet like utanfor Fedje i Nordhordland.

Foto: NRK

Tidlegare denne veka vart det hevda at krefter internt i Arbeidarpartiet alt hadde bestemt seg å gå inn for tildekking av vraket U-864.

Planen skal ifylgje Bergens Tidende ha vore å leggja fram avgjerda i samband med revidert budsjett tysdag, men i går kom det fram at det ikkje ville skje likevel, på grunn av opprør i dei tre regjeringspartia.

– Ja, det stemmer at det vert ei ny runde om dette, iallfall i Senterpartiet. Eg har også forståing for at dette kan koma til å skje i andre parti, sa fylkesleiar i Hordaland Senterparti, Jostein Ljones, til NRK.no laurdag.

Bellona: – Gledeleg

Fredric Hauge

Bellona-leiar Frederic Hauge meiner tømming er eit godt alternativ.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Den tyske ubåten U-864 vart søkkt med rundt 65 tonn kvikksølv utanfor Fedje i 1945, men først oppdaga i 2003. Sidan då har det vore gjennomført ei rekkje utgreingar for å finna ut kva som er best å gjera i forhold til miljøgifta.

Lokalbefolkninga og miljøorganisasjonane har i mange år jobba for å få vraket heva, men tømming kan vera eit godt alternativ, meiner Bellona.

– Dette er svært gledeleg. Samstundes er det ein skandale at det har tatt så mange år å koma fram til denne openbare konklusjonen, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

– Me har heile tida ynskt å få vita kor mykje kvikksølv som kan fjernast, fordi det kan redusera risikoen ved lekkasje både ved heving og tildekking, seier Hauge.

Glede på Fedje

På Fedje er gleda stor. Ordførar Kristin Handeland (Ap) i Fedje kommune er letta og meiner det vil vera eit like godt alternativ å fjerna kvikksølvet som å heva vraket.

– Det er jo ikkje vraket i seg sjølv som er farleg. Det er kvikksølvet me vil ha bort. Me har fått stadfesta at det er ein middels risikabel operasjon å utføra, så noko anna ville vera uakseptabelt, seier Handeland til NTB.

– Siger for miljøkreftene

Venstre har vore svært kritisk til at det har tatt snart ti år å koma fram til ei avgjerd, og i går kalla nestleiar Terje Breivik det heile eit narrespel.

– Dersom regjeringa no snur og vil fjerna kvikksølvet frå ubåtvraket, er det ein delseier for miljøkreftene, for folk på Vestlandet, ikkje minst for lokalbefolkninga på Fedje som har stått på for å få regjeringa til å ta omsyn til havmiljøet og
Noreg sitt omdøme som fiskerinasjon, seier Breivik sundag kveld.

Fylkesleiar i SV Hordaland, Steinar Nørstebø, er også glad for at regjeringa snur i saka.

– SV sentralt og lokalt i Hordaland har heile tida stått krystallklart på at me må ha ei forsvarleg løysing på denne saka. Me er letta over å ha fått gjennomslag etter noko som såg ut til å vippa midt i veka, då Arbeiderpartiet og Senterpartiet byrja å gå i ei anna retning, seier Nørstebø til NRK.no.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.