I Årdal har det den siste tida kome mange negative meldingar.Hydro reduserer si bemanning, Dooria gjekk konkurs og på Norsun er 73 av 210 arbeidarar permittert. Dei siste ti åra har 140 industriarbeidsplassar forsvunne i Årdal.
– Dette lika vi jo slett ikkje. Vi har nede i ein bølgjedal, og den har vart lenger enn normalt, seier ordførar Arild Ingar Lægreid.
Fekk drahjelp til utbygging
For nokre år sidan fekk årdølene solid drahjelp frå staten i samband med etableringa av nye industriverksemder.
– Det er vel vanskeleg å sjå føre seg den drahjelpa vi fekk frå staten i 2007 og 2008, men vi forventar jo kanskje å få hjelp. Vi har prosjekt som kan gå på statlege arbeidsplassar også, som vi kan snakke med regjeringa om , seier Lægreid.
– Som til dømes?
– Nei, eg har ikkje noko konkret, men vi vart jo ein gong lova statlege arbeidsplassar frå ein næringsminister. Det er kanskje nokre moglegheiter.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Folk flest er uroa
På gata på Årdalstangen er også vanlege folk uroa over den negative industriutvikllinga i kommunen.
– Stemninga er jo litt trykka, og folk er engstelege for jobben sin. Det blir jo diskutert og snakka om kvar dag, seier ein mann.
– Det er ganske svart, synes eg. Alle desse som no blir permittert, spesielt da når det gjeld Norsun så er det jo heilt grusomt. Der er det jo mange ektepar. Då blir jo gjerne to råka, fortel ei kvinne.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Drøymer om Hydro-utbygging
Ordføraren legg ikkje skjul på at det er tøffe tider for kommunen, der kraftkrevjande industri har vore hjørnesteinen i all verksemd sidan slutten av 40-talet.
– Akkurat no så er det jo vanskeleg både i Årdal og for så vidt i heile Europa. Vi er jo eit industrisamfunn og merkar no det som skjer i Europa, seier Arild Ingar Lægreid.
– Kva er draumen no?
– Draumen no for meg er jo at Hydro no investerer i Norge og i Årdal. Om det ikkje blir så mange fleire arbeidsplassar, så sikrar det i alle fall framtida vår.