Hopp til innhold

Vogntogsjåførar hefta trafikken

Yrkessjåførar i heile Europa aksjonerte i dag. I Noreg krev dei strengare kontroll av utanlandske vogntog og sjåførar ved grensa.

Video Lastebilsjåfører aksjonerte mot vogntog uten kjettinger

I ein time køyrde dei ikkje i meir enn 60 kilometer i timen. Yrkessjåførane håpar køyr-sakte-aksjonen vil bidra til at folk blir merksame på problem dei slit med til dagleg.

– Me slit med at utanlandske sjåførar som køyrer dårleg skodde bilar står fast overalt og hindrar trafikken, seier Hallvar Høydahl, nestleiar i Norsk Yrkessjåfør Allianse.

– Ikkje slepp inn vogntog med dårlege dekk

Hallvar Høydahl

Hallvar Høydahl.

Foto: NRK

Natt til måndag førte snø og nullføre til at fleire vogntogsjåførar fekk problem på E16 . Mykje kunne ha vore unngått viss fleire hadde lagt på kjettingar, opplyste Statens vegvesen til NRK i dag tidleg.

– Mykje meir kontroll må til for å få ei betring, seier Hallvar Høydahl.

Kontrollen bør skje ved grensa, meiner Norsk Yrkessjåfør Allianse.

– Har dei ikkje kjetting, og har dei ikkje gode dekk, så ikkje slepp dei inn, seier Høydahl.

(Saka held fram under videoen)

Video Aksjon blant lastebilsjåfører

Aksjon blant lastebilsjåfører.

Får støtte frå Stortinget

Norsk Yrkessjåfør Allianse får støtte frå Magne Rommetveit som sitt i Stortinget sin transportkomité.

– Det er ikkje berre utanlandske vogntog som køyrer seg fast, men det har vist seg at ein god del av dei utanlandske vogntoga ikkje er godt nok utstyrte, seier Rommetveit.

– Kontrollmoglegheitene er blitt betre, men må intensiverast endå meir, og det må særleg skje inn mot landet og på grensekontrollar, meiner Rommetveit.

Deltok ikkje på aksjonen

Norsk Transportarbeiderforbund valde å ikkje delta på dagens køyr-sakte-aksjon.

Roger Moen, dagleg leiar i Vest-norsk Transportarbeiderforening, grunngir det med at dei meiner det framleis er mogleg å få til ei løysing på problemet.

– Problemet er todelt. Det eine er at norske bedrifter nyttar seg av moglegheita til å gå utanom norske regelverk når dei nyttar utanlandske sjåførar, og det er lover og reglar i Noreg som ikkje blir kontrollert. Dette har me tatt opp med myndigheiter, seier Moen.