Hopp til innhold

Trailer står fast på riksveg 5

Vogntoget som i ettermiddag køyrde seg fast på riksveg 5 i Sogndalsdalen har no fått hjelp til å komme laus.

Rv 5 Frudalen

TETT SNØDREV: Det er svært dårleg sikt i Sogndalsdalen like før klokka 17.30.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

– Eit vogntog køyrde seg fast mellom Selseng og Frudalstunnelen i ettermiddag. Bilberging klarte å få vogntoget laust like før klokka 19, opplyser vakthavande ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Per Rimmen.

Politiet fekk melding om hendinga like før klokka 17. Det er førebels uklart kva som skal ha skjedd, men det er sterkt snødrev på staden.

Køyrde på parkert buss

Omtrent samstundes fekk politiet melding om at ein personbil hadde køyrt inn i ein parkert buss i Fortun i Luster kommune.

– Det skal ha vore snakk om låg fast. Bilen skal også vere i køyrbar stand. Men ein person er komen lettare til skade, seier Rimmen.