Hopp til innhold

Han vart vraka til juniorlandslaget - no er han utteken til junior-VM i skiskyting

Jarle Midthjell Gjørven (20) frå Markane IL var langt nede i april i fjor. Då fekk han beskjed om at han ikkje kom med på juniorlandslaget i skiskyting.

Jarle Midthjell Gjørven

GLER SEG TIL VM: Jarle Midthjell Gjørven er utteken til junior-VM i skiskyting i USA.

Foto: Rune Fossum / NRK

Men i går fekk han beskjed om at han er utteken til junior-VM i Presque Isle i USA frå 28. februar til 7. mars. Det ser han som ei stadfesting på det han sjølv hevda i fjor: At dei som tok ut juniorlandslaget tok feil, at han var betre enn fleire som vart tekne ut.

– Då eg ikkje vart teken ut på landslaget brukte eg det som motivasjon til å slå dei i sesongen som no er i gang. Eg var litt skuffa, men desto meir revansjelysten.

– Ein herleg revansje, med andre ord?

– Ja, vi kan vel seie det.

– Ikkje tapt på vrakinga

For dei som tok ut laget til 2013/2014-sesongen la mest vekt på resultata i dei store meisterskapane, medan Midthjell Gjørven meinte resultata gjennom heile sesongen, mellom anna Norgescupen, burde telje mest.

Konsekvensen vart i alle høve at stryningen gjekk glipp av treningssamlingar og støtte som han ville ha fått om han hadde vore på juniorlandslaget. Men sjølv meiner han at han ikkje har tapt noko særleg på vrakinga.

– Eg har hatt eit godt lag rundt meg og fått trent godt. Eg er med på Team Statkraft Lillehammer, og det har vore perfekt for meg, det er gode folk å trene med.

Kvalifisert i uttaksrenn

Grunnlaget for uttaket til junior-VM er to uttakshelger, der tre av fire resultat skulle vere teljande. For Jarle Midthjell Gjørven vart det ein andreplass, ein tredjeplass og ein åttandeplass.

– Det heldt greitt til å bli teke ut.

Medan Jarle Midthjell Gjørven gler seg til USA-tur måtte ein annan nordfjording, Isak Flo Bødal, innsjå at det ikkje vart uttak til junior-VM for hans del.

Isak Flo Bødal

FEKK IKKJE VM-TUR: Isak Flo Bødal var nær ein VM-billett.

Foto: Rune Helle / Vestpress

Reknar seg som outsider

Draumen til Jarle er sjølvsagt medalje i junior-VM, men 20-åringen (fyller 21 i mars) ser ikkje på seg sjølv som medaljefavoritt.

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men eg ser på meg sjølv som ein liten outsider. På ein maks dag med 100 prosent treff og ein god dag i sporet kan alt skje. Eg har lyst å gjere det så godt som mogeleg og sjå kor god eg er i forhold til resten av juniorverdseliten.

Han vil vere nøgd med plasseringar mellom dei ti beste, men meiner medalje kan vere innan rekkjevidde dersom alt klaffar.

No satsar han på å trene godt den månaden som er att før renna i junior-VM startar i Presque Isle i USA. Rett før avreise (14. - 16. februar) er det junior-NM i Brumunddal.

– Det passar godt å få nokre renn då, slik at vi ikkje blir daffe av å ikkje gå skirenn. Eg skal gå normal, sprint og stafett, så det blir spennande.

I NM har han mellom anna NM-gull i stafett på laget til Sogn og Fjordane å forsvare.

Skytinga er styrken

Som den tredje i rekkja av gode stryningar i skiskyting har Jarle Midthjell Gjørven litt å leve opp til. Sjølv meiner han det er langt opp til nivået til Tarjei og Johannes Thingnes Bø.

– Eg kjenner ikkje noko press fordi dei har gjort det bra. Eg er nok litt bak det nivået dei hadde då dei var på same alder, men med åra håpar eg at eg kan utjamne det.

Det er først og fremst i sporet at han har ein god del å hente på Bø-brørne, skytinga har heile tida vore styrken hans.

– Eg skal ikkje vere så langt frå å matche Johannes i skytinga, men eg skulle gjerne ha hatt farten hans i sporet. Det hadde vore noko, det.

Denne sesongen er hans siste som junior. Neste sesong må han satse på å bli utteken til IBU-cupen (der Håvard Gutubø Bogetveit frå Førde gjer det godt i år). Kor lenge Jarle skal halde på med skiskyting har han ikkje skjenka mange tankar enno.

– Eg har lyst til å sjå kor god eg kan bli, og eg vil iallfall halde på så lenge eg synest det er artig og så lenge eg meiner eg har noko å gå på.