Hopp til innhold

– Eit interessant bygg med god funksjonalitet

Det var den Bergensbaserte arkitektgruppa CUBUS AS som stakk av med sigeren i konkurransen om å få utforma formidlingssenteret på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen.

Arkitektgruppa CUBUS AS tusenårsstaden Gulen

Slik ser arkitektgruppa CUBUS AS føre seg at formidlingssenteret på tusenårsstaden Gulatinget i Gulen skal sjå ut. Den idéen likte juryen og.

Foto: Arkitektgruppen CUBUS AS

Vinnaren vart annonsert tysdag, og prisen på 300 000 kroner vart delt ut av fylkesordførar Nils R. Sandal i Eivindvik.

– Eg er svært glad for at vi no er komne eit steg vidare med å realisere eit visingssenter på Gulatinget, seier Sandal i ei pressemelding.

Vanskeleg val

Trude Brosvik

Gulen-ordførar Trude Brosvik

Foto: Bård Siem / NRK

Juryen, med Gulen-ordførar Trude Brosvik som juryleiar, seier dei hadde mange spanande alternativ å velja mellom, men at dei enda opp med eit bygg som glir godt inn i landskapet, samstundes som det står på eigne bein.

– Det er eit interessant bygg med god funksjonalitet, seier Brosvik.

Vinnaren, som har namnet "Gjennom skaret", er utforma av arkitektgruppa CUBUS AS i Bergen. Arkitektgruppa får no 300 000 kroner i premiepengar.

Bygginga skal etter planen startast i samband med grunnlovsjubileet i 2014.


– Nasjonalt viktig

Nils R. Sandal

Fylkesordførar Nils R. Sandal

Foto: Pressefoto

Tusenårsstaden vart opna den 27. august 2005, og er i dag ein offentleg park og kulturarena. Staden er utvikla med aktivitetsområde, gangvegar og turstigar. Det planlagde nybygget er ei vidareutvikling av anlegget.

– Tusenårsstaden er eit viktig historisk monument for heile fylket og heile Vestlandet. Formidlingssenteret vil gje oss nye moglegheiter for å synleggjere kor viktig Gulatinget har vore for Vestlandet og nasjonen, seier Sandal.

– Planane om eit formidlingsbygg har følgt utviklinga av tusenårsstaden over lang tid. Bygget er tenkt realisert som eit fleirbrukshus som skal innehalda utstilling og formidling av historia knytt til Gulatinget og vera arena for møte, konferansar og lokal og regional kulturaktivitet, seier bygg- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund.