Hopp til innhold

Vil vurdere å klage

Fjord1 er skuffa etter at det i går vart klart at dei tapte anbodskonkurransen om Lavik- Oppedal.

Lavik ferjekai

STOR TRAFIKK: Sambandet Lavik - Oppedal er det mest trafikkerte i heile Sogn og Fjordane. I mai var trafikkauken på over 15 prosent.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Vi må berre ta Statens Vegvesen si avgjerd til etterretning, og gratulere Nordled med at dei har teke første stikk i denne konkurransen, seier kommersiell direktør Frode Orh i Fjord1.

Statens Vegvesen avgjorde fredag at det viktige ferjesambandet på E39 skal driftast av selskapet Norled frå 2015.

Viktig samband

Seinast i mai melde Fjord1, som no driftar sambandet, om ein trafikkvekst på over 15 prosent på Lavik-Oppedal.

– Kor viktig har Lavik-Oppedal vore for Fjord1?

– Lavik-Oppedal har vore eit av dei største sambanda våre. Det er eit sentralt og viktig samband, som vi svært gjerne skulle beholdt, seier Ohr.

Hard konkurranse

Det var fire selskap som konkurrerte om den viktige kontrakta. I tillegg til Fjord1 og Norled, la Torghatten og Boreal inn anbod.

– Det var ein tøff konkurranse, vedgår Orh.

Avviser ikkje klage

Dei tre selskapa som tapte konkurransen har frist på seg til tredje august med å klage, dersom dei ønskjer det.

– Vi må først sjå det formelle brevet frå Statens Vegvesen, så får vi summe oss litt, seier direktøren.

Fjord1 vil truleg be om innsyn i saken, for deretter å vurdere om det er grunnlag for ein klage.

Fleire konkurransar

Fleire ferjesamband skal ut på anbod dei komande åra. Ohr legg ikkje skjul på at det vil vere viktig å vinne desse konkurransane.

– Vi må knytte nevane og førebu oss veldig godt på dei komande konkurransane. Vi må vise at vi framleis ønskjer å vere den største aktøren i markedet.

– Kor hardt svir dette tapet økonomisk for selskapet?

– Det er vanskeleg å seie i dag. Vi veit ikkje korleis situasjonen ville ha vore i 2015 når det nye anbodet startar. Vi trur vel at vi med det tapet her, viss det vert eit tap, vil kunne vere godt førebudd og innstilt på å ta opp kampen på nye anbod, seier Ohr.