Hopp til innhold

Vil stoppe sprenging i Gudvangen

Nærøydalen elveeigarlag vil forsøke å stoppe sprengingane av store fjellmasser i Gudvangen i morgon måndag.

Ras i Gudvangen

Ei stor støvsky la seg over Gudvangen då det rasa i fjellsida sist tysdag morgon.

Foto: Georg Olafr Reydarsson Hansen

Gunnar Jordalen som er leiar i Nærøydalen elveeigarlag seier til Sogn Avis at dei vil kontakte Fylkesmannen og be om at sprenginga av Nebbet ikkje vert utført.

Det var tysdag i førre veke at det gjekk eit kjemperas i fjellsida i Gudvangen. Raset var så stort at det vart registrert som eit jordskjelv ved fleire jordskjelvstasjonar i Sør-Norge.

Fryktar støvet vil drepe fisken

Men etter raset ligg det no att nær 5000 kubikkmeter med steinmasse og ein geolog har konkludert med at steinmassane utgjer ein fare for bustadfeltet som ligg ved foten av fjellsida.

Etter planen skal desse massane sprengast vekk måndag, men no vil elveeigarlaget stoppe desse planane.

- Nærøydalselva er eit nasjonalt verna laksevassdrag. Vi treng ikkje meir fiskedrepande steinstøv og finmassar i elva no, seier leiar i Nærøydalen elveegiarlag, Gunnar Jordalen til avisa.

Vil i staden ha rasmassane fjerna

Då raset gjekk på tysdag førte det til ei enorm støvsky og Jordalen meiner støvet allereie har vore til skade for småfisk i Nærøydalselva.

- Så seint som laurdag var inste del av Nærøyfjorden framleis grå, seier Jordalen.

Styret i elveeigarlaget krev no at fylkesmannen stoppar den planlagde spreninga opp under fjelltoppen Nebbet i morgon. Under sprenginga må heile bygda evakuerast.

- Styret meiner sprenginga vil vere i strid med forureiningslova, seier Jordalen.

Dei vil heller at massane etter raset skal fjernast, og at det vert laga sandfanggroper som kan fange opp finmassane.