Hopp til innhold

Vil skyte meir jerv

Sogn og Fjordane Bondelag og sankelaga i Luster har søkt om ekstrauttak på jerv.

Dei peikar på at det berre er skote to av dei seks jervane ein hadde lisens til å skyte i vinter.


Trass i ekstra jakt på jerv dei siste åra, meiner Bondelaget at det er ein uakseptabel situasjon med store tap av sau i området.

Det er direktoratet for naturforvaltning som avgjer søknaden.