I brevet til domstolsadministrasjonen blir det vist til at Kvivsvegen og Eiksundsambandet har ført til langt kortare reisetid frå Nordfjord til Volda og frå ytre søre Sunnmøre til Volda.
«Den norske stat har investert milliardar av kroner på desse vegprosjekta, og har med dette danna ein storregion med Volda som naturleg geografisk regionsenter», heiter det mellom anna.
- Les også:
- Les også:
– Dersom Domstoladministrasjonen har tenkt å behalde rettslokalet på Nordfjordeid, bør Søre Sunnmøre tingrett betene rettslokalet der. Tingretten i Volda kan setje rett i lokale på Nordfjordeid kvar dag, og om det er saker til det, utan overnatting, seier Marthe Sleire Vatne, tillitsvald ved tingretten i Volda.
Nordfjordrådet avviser frieriet
Ordførarane i Nordfjord let seg derimot ikkje begeistre av forslaget frå nabofylket. Saka var denne veka oppe til diskusjon i Nordfjordrådet, og kommunane gjekk samrøystes inn for å avvise forslaget.
– Vi har sagt klart frå tidlegare at vi ikkje ynskjer ei slik løysing. Vi vil bygge vidare på dagens modell, med eit samarbeid i Fjordane tingrett, med aktivitet både i Førde og på Nordfjordeid, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.
Nordfjordrådet, som samlar alle kommunane i Nordfjord, er også klare på at ein ynskjer å halde på dagens modell for å sikre kompetansemiljøet og samarbeidet ein har med jordskifteretten.
– Vi vil halde oppe lokal aktivitet og kompetansearbeidsplassar i Nordfjord. Vi har eit godt samarbeid i fjordane og Sogn og Fjordane, som vi ynskjer å arbeide vidare på, seier Bjørlo.
Rettskretsen til Søre Sunnmøre tingrett omfattar i dag kommunane Vanylven, Sande, Herøy, Volda og Ørsta. Forslaget om å ta opp dei nordlegaste kommunane i Sogn og Fjordane vil føre til at Søre Sunnmøre tingrett vert rettskrets for to ulike politidistrikt. Det er òg tilfelle i dag, sidan Vanylven kommune høyrer til Sogn og Fjordane politidistrikt.
- Les også: