Hopp til innhold

Vil ha slutt på lovleg fiske

Høyanger Jakt og Fiskelag vil ha slutt på fritt fiske etter anadrom laksefisk i bygda.

Henrik Kristoffer Løland

KREV FULL FISKESTOPP: - Vi kan ikkje godta at det vert fiska laks i Slug-Osen lenger, seier Henrik Kristoffer Løland i Høyanger Jakt og fiskelag, HGFL.

Foto: privat

- Jobben vi gjer får ingen verdi så lenge det vert fiska laks i det vi kallar Slug-Osen, seier Henrik Kristoffer Løland i Høyanger Jakt og fiskelag, HGFL, til NRK Sogn og Fjordane.

Lovleg fiske

Det frie fisket medlemmene i laget reagerer på skjer i området der vatnet frå Statkraft sin kraftstasjon kjem ut i inst i Høyangerfjorden. Området vert kalla Slug-Osen.

Til avisa ytresogn.no seier Tina Bruaas at dei oppmodar alle som fiskar i dette området om å slutte med det, sjølv om det er fullt lovleg.

- Vi veit at det reint juridisk er lov å driv fiske i Slug-Osen, men vi kallar det rovfiske. Dei som fiskar der tek omlag 70 prosent av all laksen som er her. Då vert det ikkje mykje vits for oss å prøve å få opp bestaden, seier Løland.

Mykje arbeid

For jeger og fiskarlaget har lagt ned mykje arbeid i Daleelva for at sjøaure og laksestammane skal vekse på eit berekraftig nivå.

HJFL oppmodar alle som fiskar i området til å slutte med det, og heller bli med Jakt og fiskelaget i arbeidet dei driv i Daleelva.

Vil ha regelendring

- Eg forstår ikkje kvifor det er ope for fritt fiske i dette området når styresmaktene elles er strenge på fiske etter desse fiskesortane. Det heng ikkje på greip og er svært provoseraned, seier Løland.

Dei har skrive brev til Fylkesmannen for å få ein slutt på det lovlege fisket, men regelverket er ikkje endra.

- Eg forstår at det tek tid å endre lover, men dette kan ikkje halde fram slik det gjer i dag. Då er det ikkje meir fisk her om ei stund. Vi vil ha ei lovendring og gjev oss ikkje med denne kampen, seier Løland.