Hopp til innhold

Han vil samle bygde-Norge til opprør mot landbrukspolitikken til Listhaug

– Bygde-Norge bør samle seg i kampen mot nedlegging av landbruket, seier Magnar Juklestad, leiar i Norsk Bonde- og småbrukarlag i Sogn og Fjordane.

Magnar Juklestad

ØNSKJER MASSEMØNSTRING: Sauebonden Magnar Juklestad frå Jølster manar bøndene til protestaksjonar.

Foto: Bård Siem (MMS) / NRK

Han meiner det er utopisk å tru at ein vil kunne auke matproduksjonen samstundes som overføringane til næringa blir kutta kraftig.

– Det heng ikkje på greip for dei som er innanfor landbruket og veit korleis ting fungerer.

Magnar Juklestad har vore ein engasjert sauebonde i mange år og viser oss stolt rundt i sauefjøset sitt i Årdal i Jølster. Han har satsa på ryggjasau.

Sauer i fjøsen til Magnar Juklestad

DEI ER FOR FÅ: Sauer i fjøset til Magnar Juklestad. Det er for få sauer i landet til å dekke den norske marknaden.

Foto: Bård Siem / NRK

Kritisk til Frp-politikk

66-åringen møtte landbruksminister Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet då ho vitja Sogn og Fjordane tysdag, og han nytta då høvet til å fortelje kor viktig landbruket er for fylket.

Han meiner Framstegspartiet sin landbrukspolitikk ikkje heng ihop, og han er spesielt kritisk til at partiet vil ha auke i kjøtproduksjonen samstundes som overføringane til landbruket skal kuttast kraftig.

– Vi starta landbruksforhandlingane i fjor på ei gjennomsnittsinntekt på 180.000 kroner. Det tilsvarar til dømes ein halv jobb i Posten. Det er den økonomiske situasjonen.

Massemønstring som i 1994

Juklestad meiner ei massemønstring frå bygde-Norge må til for å få den blå regjeringa til å forstå kor viktig landbruket og distrikta er for verdiskapinga i Norge.

– Eg har tenkt på det vi gjorde i EU-kampen i 1994. Då vart det sett opp bussar frå heile landet, folk kom med tog frå Nord-Norge, og vi fylte opp Oslo sentrum. Noko liknande kan skje innan landbruket, for vi har så brei støtte.

– Men er det rett å bruke store summar i statsstøtte til bønder som produserer lite?

– Det er noko som heiter at mange bekker små blir ei stor å. Norge er eit småbrukarland. Vi har eit bittelite landbruk. Vi har ikkje meir oppdyrka jord enn det som er blitt lagt ned i Sverige dei siste 30 åra.

Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp)

LET SEG IKKJE STYRE: Landbruksminister Sylvi Listhaug vil ikkje endre politikken sjølv om bøndene aksjonerer.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Undrande til Juklestad

Landbruksminister Sylvi Listhaug ønskjer ikkje sjølv å kommentere utspelet frå Juklestad, men sa mellom anna følgjande på tysdag då ho fekk spørsmål om ho ville la seg påverke dersom bøndene aksjonerer:

– Eg registrerer at dei raslar med sablane. Men det er ikkje meir enn to år sidan sist, då Senterpartiet styrte, at dei hadde aksjonar, så det er i tilfelle ikkje noko nytt. Eg ønskjer at vi skal kome til semje og få til ein avtale. Eg let meg ikkje styre av aksjonar.

I ei tekstmelding på vegner av Listhaug gjentek ein av Landbruksdepartementet sine informasjonsmedarbeidarar at ho ikkje let seg presse. Vidare går det fram at Listhaug stiller seg undrande til at Juklestad ikkje tok det opp med henne at han er så kritisk til Frp sin landbrukspolitikk.

– Må endre kurs

Juklestad står fast på at den blå landbrukspolitikken kan bli katastrofal, men at regjeringa er nøydd til å endre kurs dersom opinionen krev det.

– Det er dessverre mange bønder som trur at dei må gi opp fordi vi har fått ei ny regjering der begge regjeringspartia seier at dei vil kutte i milliardklassen. Men det er mykje opp til oss, for landbruket har brei støtte mellom folk. Vi kan mobilisere tusenvis utanom sjølve landbruket.

– Men vil det hjelpe?

– Det trur eg garantert vil hjelpe. Det hjelpte faktisk i 1994.