Hopp til innhold

Vil ha kampanje mot foto-stopp etter dødsulukke

Lastebileigarane vil ha slutt på folk som parkerer midt i vegen for å ta bilete eller laste bagasje når dei skal på hytta.

Ulukke i Aurland

STOPPA FOR BILETE: Oppmodinga frå Lastebileigarforbundet kjem etter ei dødsulukke på E16 ved Flåm i Aurland hausten 2019. Bergens Tidende skriv at den tiltalte mannen hadde stoppa for å ta bilete av julelysa i turistbygda.

Foto: ARNE VEUM

– Mange trur at om du berre set på naudblinken, så har du sikra deg godt nok. Men det er ikkje slik, seier regionleiar Jan Ove Halsøy i lastebileigarforbundet.

Snart står sommarferien for døra, og mange skal på biltur.

Og du kjenner deg kanskje igjen, idet du køyrer forbi ei flott utsikt: Her må eg stoppe og ta eit bilete!

Politiet har teke ut tiltale

Då ber Halsøy om at du tenkjer deg om.

Oppmodinga kjem etter at det i dag vart kjent at ein mann frå Bergen er tiltalt etter dødsulukke på E16 ved Flåm i Aurland hausten 2019. Ei 51 år gamal kvinne omkom.

Bergens Tidende skriv at den tiltalte mannen hadde stoppa for å ta bilete av julelysa i turistbygda. Bilen hans stod delvis parkert i vegbanen.

Ifølgje tiltalen skal kvinna ha treft denne bilen, før ho kom over i det andre køyrefeltet og kolliderte med ein bil som kom imot.

– Vår oppfatning er at tiltalte ikkje hadde ein god grunn til å parkere, seier politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen til avisa.

Sjølv nektar den tiltalte mannen straffskuld.

E16 mot Flåm.

STOPPA HER: Her stoppa mannen for å ta bilete av julelysa i turistbygda Flåm ein mørk kveld hausten 2019.

Foto: Arne Veum

– Det er heilt grufullt

Det er ikkje ofte det skjer alvorlege ulukker der parkerte bilar i vegbanen er årsaka, skal vi tru Vegvesenet og Lastebileigarforbundet.

Men det skjer ofte nok til at lastebileigarane meiner det er behov for å setje fokus på temaet.

– Eg har sjølv opplevd det vinterstid, at det har stått folk og lasta av bilane sine i vegbanen. Dei skal på hytta, men på grunn av nedsnødde vegar har dei parkert på vegen, seier Jan Ove Halsøy i Lastebileigarforbundet.

Han trur det ofte er tankeløyse som gjer at folk stoppar eller parkerer i vegbanen utan å tenkje seg om. Difor meiner han skilt som minner bilistane om å parkere trygt kan vere ei god løysing.

– Dette er haldningskampanjar som har effekt. Folk vert litt meir merksame når dei ser eit skilt med jamne mellomrom. Må du stoppe, så stopp på ein sikker plass.

Vegvesenet: – For mange skilt

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden, seier at det ikkje opplever denne typen ulukker som eit stort problem, men vedgår at det skjer innimellom.

– Det er viktig at folk som stoppar gjer det godt utfor vegen slik at dei ikkje er til fare for seg sjølv eller andre.

Men fleire skilt er han negativ til:

– Vi kan ikkje ha for mange skilt langs vegane. Og kvar skal vi i så fall setje dei opp? Det er jo mange stader i landet det kan vere aktuelt å stoppe langs vegane. Det er ikkje nødvendings berre utsikta som gjer at folk stoppar.

Svenn Egil Finden

IKKJE MEIR SKILT: Avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen seier ja til haldningskampanjar, men vil ikkje ha meir skilt langs vegane.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK