Hopp til innhold

– Bergens Tidende bør ta over gatemagasinet

KrF meiner at Bergen kommune bør selje eller gje vekk Megafon til eit mediehus i Bergen. – Etter kvart kan kanskje den rusavhengige bli ein god journalist, seier Tor Andre Ljosland i KrF.

Tor Andre Ljosland med eit Megafon-blad

VIL GJE RUSAVHENGIGE BETRE KARRIEREMOGLEGHEITER: Tor Andre Ljosland i KrF, meiner at rusavhengige som sel gatemagasinet Megafon ville hatt ein betre karrieremoglegheiter dersom Bergen kommune gjer vekk magasinet til eit mediehus.

Foto: Siri Kleiven Strøm

På Torgallmenningen i Bergen står Megafonseljar Ruben Melbø med ein bunke Megafonblad. Han jobbar på provisjon, og berre dei dagane han vil.

– Etter å ha selt «Megafon» har eg fått meir lyst på ein fast jobb, seier Melbø.

– Ein veg inn i arbeidslivet

Ruben

VIL HA FAST JOBB: Megafonseljar Ruben Melbø seier at han har fått meir lyst på ein fast jobb etter å ha jobba som Megafonseljar.

Foto: Siri Kleiven Strøm / NRK

Ljosland i Hordaland KrF trur mange vil ha det same som Melbø. Ein veg inn i arbeidslivet og til fast jobb. Han foreslår difor at Bergen kommune som eig Megafon, skal selje eller gje gatemagasinet vekk til eit av mediehusa i Bergen.

Han meiner Bergens Tidende og Bergensavisen er gode kandidatar.

– Dei bør gje det vekk til eit avishus som kan gje seljarane betre karrieremoglegheiter enn det er i Bergen kommune. Med eit mediehus som har trykkeri, annonseavdelingar Etter kvart kan kanskje den rusavhengige bli ein god journalist, seier Ljosland.

– Ein strålande idé»

Sosialbyråd i Bergen Eiler Macody Lund meiner det kreative forslaget frå KrF er ein god idé.

– Ja, eg syns absolutt dette er eit godt forslag.

– Trur du Bergens mediehus vil vere interessert i å ta over «Megafon»?

– Det håpar eg. Alle i Bergen er bede om å vende eit venleg blikk mot dei rusavhengige. BT og BA burde vere med å hjelpe til slik at dei rusavhengige kan få eit tilbod om fast jobb og ei karriere innan media, seier sosialbyråden.

«Me har ikkje råd til gode intensjonar»

Men verken BT eller BA syns at forslaget er noko meir enn eit kreativt utspel.

–Bransjen har ikkje råd til gode intensjonar, seier administrerande direktør i Bergens Tidende, Siv Tveitnes.

– Eg tenker at dette er ei kreativt utspel. Både BA og BT har særs utfordrande tider med å drive dei produkta me allereie har. Eg trur det ville ha vore særs krevjande å dra «Megafon» inn i dette, seier Tveitnes.