Giske meiner ein bør konsentrere satsinga om nokre få eksklusive reisemål som ein marknadsfører i utlandet. Slik det er i dag med over 100 ulike selskap som berre sel sine turistmål, blir det berre forvirring meiner han.
– Ser ikkje skilnad på Florø og Førde
– Eg trur det er misbruk av ressursar, vi får for lite att for pengane. Eg trur sjølv nordmenn har vanskar med å sjå skilnaden på Førde og Florø og Otta og Vinstra. Då trur eg det blir heilt utopisk å tru at tyrskarar eller amerikanarar skal sjå skilnaden.
– Vi bør spisse satsinga slik at vi satsar på nokre færre merkevarer, så får vi heller tenke at dersom vi får turistar til Norge eller får nordmenn til å feriere her i landet så vil det kome alle til gode.
– Sats på innarbeidde produkt
Kristian Jørgensen er administrerande direktør i Fjord Norge, som er det offisielle marknadsføringsselskapet for Vestlandet. Han gir Giske langt på veg rett.
– På nasjonalt nivå er det altfor mange små destinasjonsselskap og lokale reiselivsselskap. Område som Aurland/Flåm, Sognefjorden, Stryn og Balestrand alt har eit namn internasjonalt, har ei lang historie i reiselivssamanheng og har sterk tiltrekkingskraft. Dei bør vi kanskje utnytte i større grad i staden for å tru at kvar nes, kvar krinkel og krok og kommune har potensial til å få gjennomslag internasjonalt.