Hopp til innhold

Vil gje Hydro klarare kontraktar

Energipolitisk talskvinne i Høgre, Siri Meling, meiner regjeringa i alt for liten grad kjem Hydro i møte med krav om betre råmevilkår.

Siri Meling, ny leiar i Rogaland Høgre

MISNØGD: Energipolitisk talskvinne i Høgre, Siri Meling, er misnøgd med regjeringa si haldning til betre råmevilkår for Hydro.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Hydro har igjen varsla at dei vil investere dersom dei får rimeleg straum og fritak frå Co2-avgifta.

Energipolitisk talskvinne i Høgre, Siri Meling, sler fast at ein er nøydd til å leggje tilhøva til rette for at Hydro skal kunne investere i Årdal, Høyanger, Karmøy og Sunndal.

– Regjeringa, og fleire av regjeringsmedlemer, seier dei vil leggje til rette for like råmevilkår. Det hjelp ikkje berre med ord. Det må handling og resultat til. Det må truverde til, seier Meling.

Trur på aluminiumen

Både i Årdal og Høyanger har det lenge vore murring i korridorane over at Hydro, med sine store overskot, hittil ikkje har vore villig til å bruke store investeringsmidlar i dei eksisterande verka.

For desse bygdene er aluminiumsindustrien gull verd.

– Dette er ein industri vi har tru på. Aluminium er eit produkt ein reknar med berre vil bli etterspurt meir og meir, og vi har alle moglegheiter både med kompetanse og tilføring av energi til at dette skal bli lønnsamt i Norge, seier Meling.

– Alfa og omega

Halvor Molland

ALFA OG OMEGA: Informasjonsdirektør Halvor Molland.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

Hydro har heile tida halde fram at dei må få betre råmer for drifta, før dei brukar store pengar på nyinvesteringar i Norge. Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro, seier det er alfa og omega at styresmaktene syt for rimelege kraftkontraktar - og fritak frå miljøskatt.

– For Hydro er det viktigaste no er å syte for at vi på sikt kan oppretthalde dagens kapasitet på kring 900 000 tonn som blir produsert i Norge. Ei eventuell utviding vil vi sjå på som bonus, seier han.

Støttar Hydro-krav

Først i løpet av hausten vil EU definere korleis medlemslanda og EØS-landa skal handtere krav om fritak for miljøskatt.

Meling er klar på si støtte til Hydro sine tankar.

– Høgre oppfattar desse krava til å vere rimelege. På lik linje med industrien er Høgre opptekne av at industrien skal ha konkurransedyktige råmevilkår.

Næringsminister Trond Giske meiner kritkken frå Høgre er merkeleg.