Fredag var riksveg 53 ved Naustbukti på nytt stengd av steinras. Ein bil vart treft av steinane. Hydro og folk i Årdal har lenge stilt krav om at det vert bygt ein lengre tunnel forbi rasstaden. Men så langt har det ikkje kome pengar til prosjektet. Først i 2009 ligg det inne midlar til at tunnelarbeidet kan starte.
Arild Ingar Lægreid. Arkivfoto
Krev fortgang
Og seinast på fredag var plassjef ved Årdal metallverk, Ove Bakke, på bana med krav om at arbeidet vart framskunda.
Heller ikkje kommunen vil vente, og ordførar Arild Ingar Lægreid i har alt starta arbeidet med å få forskottert midlar.
Håpar på støtte frå Hydro
Det vil truleg koste Årdal kommune over 10 millionar kroner å forskottere dei midlande som trengst, o Lægreid håpar å få med fleire aktørar som kan bidra med pengar.
- Det er jo Årdal kommune som må finansiere ei forskottering, men eg arbeider og med å få med meg andre partar som Hydro-bedriftene i Årdal. Eg ser føre meg ei deling av summen som trengst til ei forskottering.
Målet til Lægreid er at anleggsarbeidet kan starte tidleg på hausten 2007.